Sjakk
Ruletten
Smyslov i midten, under taklampa, legg rulettkula i Guds hender.
Foto: Douglas Griffins arkiv
Eg har lenge vore fascinert av ruletthistoria. Ho var eigenleg for god til å vera sann, meg eg tok henne med i portrettet eg skreiv av russaren Vasilij Smyslov i boka Sjakkgeniene frå 2018. Tre år seinare, i 2021, dukka det opp eit uventa prov. Sjakkhistorikaren Douglas Griffin hadde funne eit bilete, som han publiserte på Twitter/X. Eg lagra biletet og tenkte som eg alltid gjer: No ventar eg berre på eit høve til ein stubb i Dag og Tid...
Rulett er antisjakk. Alt eg mislikar: flaks, pengar og fjas.
Etter at han miste VM-tittelen i 1958, heldt Smyslov seg i verdstoppen i fleire tiår, men utan stor motivasjon. Så, i 1981, tapte den sterkt religiøse operasongaren (!) to parti mot 18 år gamle Garri Kasparov. Smyslov byrja trena systematisk for å revansjera seg.
I 1983, 62 år gamal, kvalifiserte kunstnargeniet seg sensasjonelt til kvartfinalen i VM-kvalifiseringa. Motstandaren var Robert Hübner, tysk papyrolog med doktorgrad om egyptiske hieroglyfar, kjend for lange, tørre analysar i sjakknotasjon.
Ein skulle tru at ein duell mellom to så kultiverte herrar ville gå føre seg med verdig ro. Det gjorde han ikkje.
Hübner fekk nemleg ein omgang med hovudmassasje under partia. Smyslov samtykte fyrst, heilt til ei vakker ung kvinne kom inn i rommet med ein blind mann – massøren. Då fekk Smyslov nok og kravde at sirkuset måtte stoppa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.