Sjakk
Rudenkos bragd
For bragdene i 1941 og 1950 vart Ljudmila Rudenko heidra med ein såkalla Google doodle den 27. juli 2018, der Google-brukarar over heile verda vart introduserte for historia hennar. For bragdene i 1941 og 1950 vart Ljudmila Rudenko heidra med ein såkalla Google doodle den 27. juli 2018, der Google-brukarar over heile verda vart introduserte for historia hennar.
Faksimile: GoogleFaksimile: Google
Kongerekkja – dei 16 verdsmeistrane frå Steinitz til Carlsen – tel 16 sjakkgeni. Kva med dronningrekkja – verdsmeistrane for kvinner? Dei er 17 i talet.
I nyare tid har vi hatt seks kinesiske verdsmeistrar. Før kinesarane dominerte to georgiske ikon, Nona Gaprindasjvili og Maja Tsjiburdanidze, som til saman heldt tittelen i 29 år, frå 1962 til 1991. I historia om kvinnesjakken kjem ein heller ikkje utanom Polgar-systrene frå Ungarn, men berre den eldste av dei tre systrene, Susan Polgar, vart verdsmeister (i 1996). Den yngste og beste, geniale Judit Polgar, ville av prinsipp ikkje spela i kvinneturneringar og var i mange år på ti på topp-lista i verda i open klasse.
Den fyrste verdsmeisteren for kvinner var pioneren Vera Menchik, som voks opp i Moskva med foreldre frå Tsjekkia og England. Ho døydde 38 år gamal i 1944 i eit tysk bombeåtak på London. Mindre kjent enn Menchik, Polgar-systrene, kinesarar og georgiske ikon, er den kjensgjerninga at tre av 17 verdsmeistrar kjem frå Ukraina. Denne historia byrjar med Ljudmila Rudenko (1904–1986).
Ljudmila vart fødd i Poltava, midt i Ukraina. Etter gymnaset drog ho til svartehavsbyen Odesa. Ho vart Odesa-meister i 1925 – ikkje i sjakk, men i symjing. Like etter byrja ho systematisk å satsa på sjakk, men på den tida var alle amatørar. I Sovjetunionen måtte dessutan alle kvinner ut i arbeidslivet.
Rudenko var økonom og ingeniør. Ho flytta til Leningrad i 1929, der ho arbeidde på ein våpenfabrikk. I juli 1941 måtte fabrikkarbeidarane evakuera til Ufa ved Uralfjella. Evakueringa var vellukka, men det var eitt problem: Borna til arbeidarane var framleis i Leningrad. Då ein skjøna at tyskarane ville kringsetja byen i ein langvarig blokade, melde Rudenko seg til teneste. Ho drog friviljug attende til Leningrad, der ho lukkast med å organisera togtransport til Ufa for 300 born. «Dette var mi største bragd», sa Rudenko seinare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.