Teknologi

Rubiks kube

Det trengs ikkje meir enn 20 rotasjonar for å løysa kuben.

Klar til innsats. Kuben er rota til ein av dei 43 trillionar moglege utgangspunkt.
Publisert Sist oppdatert

Alle har eit syskenbarn på Gjøvik. Me hadde ein på lesesalen. Me kalla han 1.0. Han var den beste studenten på Teoretisk fysikk med toppkarakter i alt.

Plutseleg stod han ved sidan av meg. Han spurde om eg kunne forklare han permutasjonsgrupper. Eg vart mållaus. Det var jo så enkelt at sjølv eg skjønna det.

Eg gav han ein rask innføring, men blikket hans fortalte meg alt. Enda på visa var at han ikkje gjekk opp til eksamen. Det ville vera sørgjeleg å øydeleggja gjennomsnittet.

Kvifor likte eg gruppeteori? Vel, kjærasten hadde kjøpt ein Rubiks kube til meg for å få fred frå mine endelause utlegningar.

Den ungarske arkitekturprofessoren Ernö Rubik fann opp det det mekaniske leiketøyet i 1974. Då det vart lansert i 1980, vart det ein verdsuksess og det vart seld meir enn 100 millionar stykk. Den engelsk-amerikanske matematikaren David Singmaster var den fyrste som analyserte kuben matematisk, og gav ei løysing i 1979.

Ein kan bruka matematisk gruppeteori for å løysa kuben. Kva er det? Ei matematisk gruppe inneheld element som kan utsetjast for ein operasjon og som tilfredstillar eit sett med reglar. På kuben er dei seks sidene gruppa sine element. Det er vanleg å kalla sidene: F=Framsida, B=Baksida, D=Nedsida, L=Venstresida, R=Høgresida og U=Oversida.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement