Rovdyrhistorie
To effektive bjørnejegerar i Kanstadfjorden i Lødingen i 1910, Martin Steen Lunkenesset og Ole Andersen.
Foto: Hans M Kanstad/Sør-Troms museum.
Det var på 1800-talet Noreg for alvor vart tatt i bruk. Norsk havforsking vart oppretta og kom snart i verdsklasse. Jordbruket fekk sin eigen landbrukshøgskule på Ås i 1859, og åskandidatane byrja å spreie seg over landet, fullasta med kunnskap. Første landbruksdirektøren kom i 1877. Det kom lover om skogsdrift, lover om ålmenning i 1857 og ei skoglov i 1863. Første skogdirektøren vart utnemnd i 1875. Vasskraftutbygginga tok til.
Kunnskap av mange slag vart mobilisert for å utnytte norsk natur. Og storsamfunnet tok ansvar for naturen, plantar og dyr som levde der. Noko måtte takast vare på og bergast. Men ikkje alt.
Elg og hjort vart freda alt på 1500-talet. Dei var det lov å jakte på ein månad om hausten. På 1700-talet kom også reinsdyra med i denne ordninga. Beveren vart freda i eit tiår, 1845–55, ettersom han var truga av utrydding på grunn av pelsen. I 1897 var beverstanden nede i 60–120 dyr. I Sverige, Finland og England var han alt utrydda. I 1899 kom lova som gjorde han totalfreda, saman med svaner, rapphøns og rådyr.
Dette var altså skapningar storsamfunnet sette pris på og ville verne.
Med rovdyra var det annleis. Dei var til plage og skulle bort. I 1845 kom den nye jaktlova, med dei statlege skotpremiane for ulv, bjørn, gaupe og jerv. Og dei vart ståande i nesten eit hundreår.
Og jakta vart omfattande. Omkring 1850 vart det årleg utbetalt premie for ca. 300 felte bjørnar, 200 ulvar, 100 jervar og 100 gauper. Nye, meir effektive jaktvåpen kom, Remington og Krag-Jørgensen. Og det vart rydda i rovdyra. Då skotpremiane vart avskaffa i 1932, var det gjennom hundreåret utbetalt nesten éin skotpremie i veka for ein felt ulv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.