Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Riskorn på 64 felt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon frå Math4school.ru

Illustrasjon frå Math4school.ru

2161
20200327
2161
20200327

Menneskeleg intuisjon kjem til kort ved fleire høve som logisk og matematisk sett ikkje er altfor vanskelege. Eit kjent døme er legenda om riskornet, som finst i fleire variantar (havre, kveite og bortetter). Legenda er særs aktuell i koronatider.

Sjakkspelet oppstod i India for om lag 1500 år sidan. Ein indisk fyrste var imponert over kor rikt og variert det nye spelet var, og ville takka oppfinnaren personleg. Bak sjakkspelet stod ein vis mann, i enkle klede, som levde av gåver frå tilhøyrarane sine.

– Eg er rik nok til å oppfylla ditt største ynske. Sei kva du ynskjer, og det skal skje, sa fyrsten.

Den vise mannen bukka for fyrsten og vart tyst.

– Men ikkje ver smålåten, sa fyrsten.

– Gje meg ein dag, så skal eg koma med eit ynske, sa vismannen.

Dagen etter kom han attende til slottet med eit framlegg:

– Min herre, gje meg eit riskorn for den fyrste ruta på sjakkbrettet.

– Berre eitt riskorn, spurde fyrsten.

– Ja, min herre. For den andre ruta kan De gje meg to riskorn, for den tredje fire, for den fjerde åtte, for den femte seksten, for den sjette trettito…

– Eg skjønar, sa fyrsten litt irritert.

– Du skal få riskorn for dei 64 felta på brettet som du ynskjer: For kvar rute får du det doble av den førre ruta. Men du skal vita at ynsket ditt er uverdig. Du vanærar meg og oppfinninga di. Du kan gå no, så skal du få sekken med riskorn av tenarane mine.

Vismannen smilte og gjekk ut av slottsporten for å venta på løna si. Tida gjekk. Under middagen nokre timar seinare spurde fyrsten om vismannen hadde fått dei stakkars riskorna sine.

– Matematikarane ved hoffet reknar på dette no, sa tenarskapet.

– Kva ventar de på? Berre gje han riskorna, sa fyrsten irritert.

Dagen etter spurde fyrsten på ny om vismannen endeleg hadde fått sekken med riskorn.

– Det er ikkje opp til fyrsten å gje ei slik løn, fekk han høyra.

– Det finst ikkje så mange riskorn i heile verda, ifylgje matematikarane våre. Talet er to opphøgd i 63, eller, om ein reknar det ut: 18.446.744.073.709.551.615.

Fyrsten, som dei fleste av oss, vanta intuisjon om eksponentiell vekst.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal
meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis