¿ Ris
Solidaritet kan vere å ete noko anna.
Ei risplante som er heilt uvitande om at ho er ei global handelsvare og ein mogleg klimafare. Du og eg er ikkje like heldige.
Foto: Pxhere.com
Lytt til artikkelen:
Denne spalta har ikkje for vane å hylle mat som latar som han er noko han ikkje kan skryte på seg å vere. Jordbærsaft får ikkje kalle seg jordbærsaft om ikkje ei monaleg mengd jordbær har vorte safta i prosessen. Vanilinsausen kan vere grei nok, han, så lenge han ikkje latar som han er vaniljesaus, om han ikkje har vore i nærleiken av den aromatiske orkidebelgen. Ein soyadeig bør vere forsiktig med å late som han er pølser eller burgarar, og avtrekk av dei same bønnene har lite å gjere med mjølk – framleis definert som sekret frå dyr.
Dette standpunktet står framleis. Likevel skal vi denne veka trekke fram nokre godord om eit produkt som litt meir enn låner namnet sitt frå noko det ikkje er: No har Fazer lansert havreris, og vi skal sjå om vi ikkje kan finne plass til litt meir av det på matfatet vårt.
Det viktige graset
Når vi tenker på land der ein produserer og et mykje ris, tenker vi nok fyrst og fremst på Austen. På sushi, kinamat og thaigryte med kokosmjølk. Og det stemmer at for ein del asiatar er ris så viktig at ordet for «ris» er det same som ordet for «mat» i språket deira. Men Latin-Amerika er minst like risavhengig som Asia. Ja, faktum er at så mykje som halvparten av menneska i verda er avhengige av ris for å overleve.
Ris er verdas tredje viktigaste kornslag, etter mais og kveite. For ris er eit gras. Den viktigaste risarten heiter Oryza sativa, vert kring éin meter høg og har ein topp av einkorna småaks. Ris skil seg likevel frå andre grasartar ved at det må dyrkast i ståande vatn: Når spirene er mellom 25 og 50 dagar gamle, må dei plantast ut på jorde der det står mellom fem og ti centimeter vatn over jordoverflata.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.