Fugleperspektiv

Ringdua i skogar, åkrar og byar
 

Ringdua er ei stor due. Utanom storleiken er dei kvite felta i nakken på vaksne individ, som ser ut som ein open ring, eit kjenneteikn. I tillegg syner ringdua i sitjande stilling ei kvit «reim« på nedsida av vengja.
Publisert Sist oppdatert

Ei lysegrå førsommarnatt, på tampen av dei små timane, er eg på veg ut av legevakta i Oslo. På inneområdet ved Akershus universitetssjukehus utspelar det seg ein sjeldan kraftfull grønfinkkonsert. To–tre fuglar syng i tur og orden og vekslar mellom dei karakteristiske strofene for arten i ein eigen komposisjon.

Dagen teiknar til å verte varm og himmelen blå: Kanskje legevaktutgangen er velsigna med ein temperaturinversjon? Dette fenomenet, som oppstår på varme sommarmorgonar, inneber at luftmassar høgare oppe er varmare enn dei nær bakken. Denne sjeldne temperaturfordelinga fører til at lyd vert reflektert nedover og kjem til øyra våre med større klarleik og kraft.

Hås og varm

Tilbake i den skrøpelege bygarden klokka fem om morgonen er det menneskestille, men også her kimar ein song, framført av ei røyst som er hås og varm samstundes. Ho kjem ovanfrå, frå krona på det eine av dei to lauvtrea som står her i ein trong krok: «(ø)roo-ko», fire–fem gonger med lange, jamne mellomrom. Etter ein lengre pause, skiftar melodien til eit femstava «ko-koko-hoko», den karakteristiske songen til ringdua.

Ein føremiddag for kort tid sidan trefte eg på ei under sypresshekken som strekkjer seg bak sykkelstativet: Fuglen plukka kvist etter kvist, ein om gongen, og flaug med den same bråkete lettinga opp i det breiblada lønnetreet, så ned igjen for å plukke ein ny kvist. Ringduer i flukt høyrer ein gjerne før ein ser dei: Klappande lydar med vengjene er ein signatur for arten, og vert blant anna brukt under den territorielle flukta.

Der oppe sit dei nok no og rugar. Hoa tek brorparten av oppgåva, men vert avløyst av hannen ein stor del av tida. Reiret til ringdua er eit grovt bygg, men her sit det i alle fall godt gøymt, eg får ikkje auge på det, korkje nedanfrå eller ovanfrå, ut kjøkenvindauget. Dei er no etter alle solemerke i gang med kull nummer to, og kven veit om ikkje den fyrste melodien, «(ø)-roo-ko», kan ha vore ein av desse songane makane kurrar for kvarandre, ein intimitetssong?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement