Rindalsklanen

Bilete av arten jerpe med journalnummer og skildringar som refererer til Alfred Karlstrøm.
Bilete av arten jerpe med journalnummer og skildringar som refererer til Alfred Karlstrøm.
Publisert Sist oppdatert

Rindal er porten til Trollheimen. I alle år var kommunen med om lag 2000 innbyggjarar ein del av Møre og Romsdal fylke, men frå 1. januar 2019 melde han overgang til Trøndelag. Kommunen har eit skimuseum (Sigurd Røen vart verdsmeister i kombinert og stafett i 1937) – og i 2005 vart Rindal kåra til Noregs beste kommune å bu i.

Men vi skal attende til 1930-åra, då Michael Aune skipa eit miljø med sentrale namn som Ragnvald Rindøien, John Grytbakk og Alfred Karlstrøm. Seinare kom òg Fredrik Brønstad og Arne Karlstrøm (son av Alfred), Arne Rindalsholt og Peder Rindal. Kva gjorde desse karane i den vesle mørebygda? Dei komponerte. Dei gjorde det mange sjakkspelarar tykkjer er ganske sært: Dei spela ikkje sjakk, men konstruerte sjakkproblem.

Det gjekk mest i to-trekkarar (kvit set matt i to trekk), der karane vart premierte internasjonalt. Den fremste var transportarbeidaren Alfred Karlstrøm, framleis rekna som den mest fantasirike problemisten i norsk sjakkhistorie. Han fann, saman med ein ungarar, eit nytt motiv i problemsjakken som er kjent som «Karlstrøm-Fleck-temaet». David Hjelle, problemguruen frå Volda som seinare hadde ei spalte i Dag og Tid, publiserte fleire av problema til Karlstrøm i Nynorsk vekeblad.

Det meste rindalsklanen, som dei vart kalla, produserte, er altfor avansert for oss. (Nynorsk Vekeblad gjekk inn i 1954, og vi vil ikkje risikera noko liknande.) Men Alfred Karlstrøm mora seg òg med å laga tulleoppgåver i sjangeren «fantasisjakk». Ei slik ei kan eg syna fram. Karlstrøm var lenge den einaste i Noreg som dreiv med slikt. I 1939 kom han på prent i det britiske magasinet Fairy Chess Review.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement