Ord om språk

Riddar med mareritt

Publisert

I dag kan ein verta utnemnd til riddar utan å ha ride ein einaste meter. Ein treng ikkje lika riddarromanar, riddarost eller arme riddarar eingong. Det viktigaste er at ein ter seg riddarleg og gjer seg til riddar for ei god sak. Då kan ein vonleg rida på ei popularitetsbylgje inn i solnedgangen.

Den germanske føregangaren til rida (eller berre ri) skal ha vorte nytta i tydingane ‘setja i rørsle, svinga, driva; røra seg frametter, fara (med hest eller skip)’. Verbet er i ætt med ord som reia (‘ordna, bu ut’), rei (‘ridande eller gåande fylgje, flokk’), raid (‘lynåtak; ransaking; framstøyt’) og engelsk road (‘veg’). Ritt kjem frå tysk (jf. reiten ‘rida’). Merk at ryttar ikkje er i ætt med desse orda. Det kjem av mellomalderlatin rutarius eller rupt(u)arius (‘røvar, krigar’) og heng i hop med ord som rute og ruptur. Men tydinga er påverka av riddar.

I norrønt vart rida mellom anna nytta om noko ligg eller står ustøtt. Slik kan me framleis nytta ordet: «Stokken ligg og rid.» Men hovudtydinga i dag er ‘sitja på ryggen av eit dyr, ferdast på hesteryggen’. Me kan ikkje berre ta på oss ridestøvlane og kasta oss på ein vilkårleg hest: Han skal helst vera innriden. Her finst ridande politi, og me kan driva med ridesport, ta ein roleg ridetur eller rida det reimar og tøy kan halda. Om ein treging kan me seia: «Han rid ikkje den dagen han salar.»

Ridarar flest sit over skrevs på hesten, og me nyttar ofte rida når me talar om å sitja over skrevs på noko: rida på gelenderet, rida (på) sykkel (jf. sykkelritt, temporitt, sykkelryttar), rida på ein kjepphest (i bokstavleg meining) og rida på stavane (bremsa ved å setja skistavane mellom føtene, òg kalla «rida purka»). Det er elles ei gamal gjerd å nytta rida om (det å vera øvst eller bakarst ved) paring og samlege. I Norsk Ordbok finn me ord som ridarkvige og ridarku. Det er ikkje berre hanndyr som har det med å stiga opp på andre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement