Ribbeveggen
Ein moderne ribbevegg i ei stove. Fin til oppbevaring, men jenta får også litt motorisk trening. Denne veggen er laga av designarar frå Kaos.
Foto: Kaos
Innvendig har ikkje gymsalen endra seg mykje sidan han fyrste gong vart bygd, ein gong på 1800-talet. Måten vi brukar han på, er derimot annleis. Langsida i salen er dekt av ein langstrekt og estetisk ribbevegg. Opphavleg vart veggen brukt til å tøye og bøye. Ein skulle gjere dynamiske øvingar, fram og tilbake, medan ein heldt seg fast. I ei lærebok frå 1955 var det ikkje meir detaljert enn at øvingane skulle gjentakast nokre gonger.
Ribbeveggen i gymsalen var nok best før. Nå for tida, når vi driv med kroppsøving og ikkje gymnastikk, blir han mest brukt til klatring og leik. Til dømes i Tarzan-sisten, der det gjeld å ikkje trakke i golvet, og der ribbeveggen er friområde. Nedste del av veggen får også køyrt seg til mageøvingane i sirkeltreninga. Med føtene godt festa mellom stengene får ein lettare tak på magemusklane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.