Mat
Ribbesteik
Côte de boeuf, eller ribbesteik på norsk. Kjøt med bein, feitt og herleg smak.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kjært kjøt har mange namn. Eller, det er ikkje alltid så lett å vite kva som er rett namn på dei ulike stykkingsdelane, om du då ikkje er slaktar og har fått opplæring i faget.
Kjøtet du ser på biletet, kallar dei côte de boeuf i Frankrike, og lenge trudde eg at det var cirka det same som florentinarsteik, eller som dei seier i Italia: bistecca alla fiorentina. Men så enkelt er det altså ikkje.
Florentinarsteika har ofte filet- og/eller ryggdelar, mens ribbesteika er spesifikt frå ribbeinsdelen. Felles for dei begge er at dei vanlegvis kjem med bein. Italienarane er strenge på den italienske identiteten til rettane sine, så slik steik skal komme frå ein bestemt rase av storfe, chianina.
Bistecca alla fiorentina kjem helst grilla, og ofte krydra berre med salt, pepar og litt olivenolje. Eg trudde nesten ikkje kelneren i Firenze då han sa kor sparsam krydringa var, for kjøtet var så smakfullt. Ein klem sitron var tilsett like før servering. Ei himmelsk oppleving!
Nokre år seinare gjekk vi til same restauranten, men då hadde folka på kjøkenet fått nye idear ved å skjere snitt i kjøtet og putte ein mjuk ost inni der. Eg syntest ikkje det var så vellukka, for eg ville jo ha det på same måte som sist. For alt eg veit, blei kokken kanskje arrestert av politiet for slik oppførsel. Men uansett, er du i Toscana, tingar du jo sjølvsagt ein god Brunello di Montalcino raudvin til maten, og den skuffar jo aldri.
I Italia slepp du å selje bilen eller båten for å få råd til ei flaske av denne ekstraordinære vinen. Ein Brunello er sikker vinnar om du skal feire noko her i heimlandet, og spør gjerne personalet på Vinmonopolet om råd. Fortel kva slags saus eller tiltugg du har planlagt, det har mykje å seie for kva vin du skal kjøpe, så det veit dei mykje om.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.