Revolusjonar?
Kunstverk frå Ur eller Mesopotamia laga om lag 2550–2400 f.Kr.
Foto: Frank Frankling / AP / NTB scanpix
Revolusjonar er maktskifte. Etablerte makthavarar blir styrta, og nye tek over. Historia er full av revolusjonar. I ettertidas ettertanke kan ein fundere på kor viktige dei er. Samtida opplever dei som dramatiske, det flyt gjerne blod også. Og historikarane er opptekne av dei.
Men det ser ut til å vere eit mønster at dei nye makthavarane, dei revolusjonære, tek makta opp i seg. Dei er like maktglade som dei gamle var. Den bolsjevikiske revolusjonen i 1917 fjerna eineveldet og tsaren. Men tsaren dukka fort opp igjen, under andre namn, som Josef Stalin og Vladimir Putin. Den kinesiske revolusjonen gav ikkje makta til folket, slik det vart sagt. Han gav makta til Partiet. Det hadde folket berre å finne seg i. Frankrike har hatt fleire revolusjonar enn dei fleste. Men framleis er Frankrike eit av dei mest sentralstyrte landa i Europa, med ein mektig og aktiv stat, i tradisjonen frå Ludvig XIV.
Dette er dei politiske revolusjonane, oppe i toppen av samfunnets maktapparat.
Revolusjonane nede i samfunnet, i produksjonsapparatet, i det Karl Marx kalla basis, har langt meir varig og samfunnsformande effekt.
Jordbruket var ein samfunnsformande revolusjon, som dukka opp seint i den lange historia. Lenge levde menneska av det naturen gav, utan at menneska hjelpte til. Jakt, fiske og sanking skaffa maten. Så byrja menneska å hjelpe plantane, ved å grave i jorda, ved å vatne, ved å sortere matplantane og velje dei beste, ved å fjerne ugraset og ved å ta hand om ville dyr, slik at dei kom til å produsere verdfull mat på lett tilgjengeleg vis. I dei store kulturane, som Egypt, Babylon, India og Kina, var det vatningsanlegga som la grunnlaget for meir effektiv plantedyrking. Det starta i Egypt for minst 6000–7000 år sidan. Det eldste vitnemålet om mjølking og handtering av mjølk er frå Ur i Kaldea, eit relieff i stein, minst 5000 år gammalt. Arkeologar meiner at husdyrhaldet godt kan vere eit par tusenår eldre, på dei iranske høgslettene.
Ved jordbruket vart matproduksjonen tryggare og rikare. Bøndene – matprodusentane – kunne få eit overskot. No måtte ikkje alle sanke mat. Folk kunne flytte tettare saman, i byar, fordi dei fekk inn overskotsmat frå omlandet. Nye yrke kunne oppstå, frie for sorg for maten, som prestar, byråkratar, statsstyrarar, kunstnarar og mykje meir. Jordbruket og den aukande matmengda gav rom for eit åndeleg liv, for kunst, for den rike variasjonen av yrke og aktivitetar vi har i våre moderne samfunn, og som vi ser på som naturgitte. Naturgitte er dei ikkje. Dei dukka opp då det veksande jordbruket skaffa maten også dei trong. Jordbruket var det første store spranget mot det vi dag kallar moderne samfunn. Det var ein av dei store revolusjonane i historia. Utgangspunktet for revolusjonen var ein enkel tanke: Vi skal hjelpe naturen med vår eigen mat.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.