Ord om språk

Restefest i arresten

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Restskatten er sur. Kan henda får ein ikkje råd til å fara på ein fin og godt planlagd ferie likevel, men må prøva å få tak i restplassar og elles handla på restesal. Det er forresten mangt her i verda som er verre enn det. Til dømes skortar det ikkje på fælslege massearrestasjonar.

Både arrestasjon og resten av rest-orda ovanfor kjem av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘stå’. Vårt eige verb stå kjem av same rota. I det store slektstreet til rest finn me nokre lånord frå latin som har rest fremst, men berre nokre av dei er nærskylde rest. Til dømes er restaurant (eig. ‘som set i stand, gjer ny att’, jf. restaurera) og restituera i slekt med rest langt uti.

Den resterande spalteplassen skal me via til rest og den næraste familien. Eldst på den greina er det latinske verbet restare, som er ihopsett av re- (‘om att, attende, på nytt, imot’) og stare (‘stå’). Restare tyder ‘stå att, vera til overs’. Verbet fekk forma rester på fransk, og derfrå kjem lånorda restera, resta (‘stå att; vanta’), restanse, restant og arrestera (eig. ‘halda attende, halda fast’).

Frå rester kjem dessutan substantivet reste (‘det som er att’), som me har teke inn i norsk og gjeve forma rest. Resten er historie!

Dersom me går restlaust inn for å minka mengda med restavfall, går me heilt og fullt inn for det, utan atterhald. Men heilt restfri vert verda aldri. Tenk berre på matrestane (jf. middagsrest, restefest, restemat, «ha restar frå i går»). Nokre snublar over beinrestar, vrakrestar eller restane av eit bål. Stundom byggjer me noko på restane av noko anna.

Det er stutt sagt skilnad på rest og rest. Rest kan visa til det som står att når me har drege ifrå noko («betala det som står til rest»). I bunden form tyder rest gjerne ‘delen som er att av noko’ (jf. «resten av året», «resten av klassa», forresten (eig. ‘når det gjeld resten’)). Slik bruk av rest treng ikkje tyda at noko er forsvunne. Å gå resten av vegen er noko anna enn å gå på restane av ein veg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement