Renta
Vert renta for høg, kan det føre til tvangssal av husvære.
Foto: Tore Meek / NTB scanpix
«Låner du nokon av folket mitt, den fatige grannen din, pengar, so skal du ikkje fara som ein okrar med han; de skal ikkje krevja renta av han», seier moseboka. Dette er, bokstaveleg tala, reine ord, om ikkje for, så i alle fall om pengane.
Koranen og islam har liknande formuleringar. Renter er haram, stor synd, seier Koranen. For både Jahve og Allah er renter synd mot Guds vilje.
No er mosebøkene fulle av lover og reglar om det meste i menneskelivet, mat og drykk, kvinne og mann, åker og eng, dyr og andre skapningar og mykje meir.
Ettertida i den kristne Vesten har halde seg elastisk til det meste av dette. Storparten er lagt til side. Renteforbodet har stort sett gått den vegen hos oss, inn i gløymsla. Gode kristne, i bedehusland som Jæren og Sunnmøre, krev og betaler rente som ei naturgitt ordning. Slik alle andre må gjere.
I 1980 kjøpte vi eit stort hus ved Østensjøvannet og lånte alle pengane. Renta steig til 14 prosent. Det sveid. Samtidig vart eg sjef i Gyldendal, som hadde lånt titals millionar for å utvikle det nye leksikonet. Renta var 14 prosent der òg. Rentenivået prega dagane og tankane mine.
Islam, som kanskje er meir bokstavtru enn dagens kristendom, har slite meir med dette. Då oljeprisen steig mot nye høgder i 1970-åra, rann arabiske bankar og statskassar fulle av framand valuta, mest dollar. Kva skulle dei gjere med desse pengane? Svaret var å plassere dei, med avkastingskrav, det vil seie rente. Teologane hjelpte til med tenlege tankar og formuleringar. Pengane kunne ikkje berre liggje der, sovande og stille. Som Kristus i evangeliet meinte dei at talentane måtte takast i bruk. Så vart gjort.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.