JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Renta

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vert renta for høg, kan det føre til tvangssal av husvære.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

3652
20190906
3652
20190906

«Låner du nokon av folket mitt, den fatige grannen din, pengar, so skal du ikkje fara som ein okrar med han; de skal ikkje krevja renta av han», seier moseboka. Dette er, bokstaveleg tala, reine ord, om ikkje for, så i alle fall om pengane.

Koranen og islam har liknande formuleringar. Renter er haram, stor synd, seier Koranen. For både Jahve og Allah er renter synd mot Guds vilje.

No er mosebøkene fulle av lover og reglar om det meste i menneskelivet, mat og drykk, kvinne og mann, åker og eng, dyr og andre skapningar og mykje meir.

Ettertida i den kristne Vesten har halde seg elastisk til det meste av dette. Storparten er lagt til side. Renteforbodet har stort sett gått den vegen hos oss, inn i gløymsla. Gode kristne, i bedehusland som Jæren og Sunnmøre, krev og betaler rente som ei naturgitt ordning. Slik alle andre må gjere.

I 1980 kjøpte vi eit stort hus ved Østensjøvannet og lånte alle pengane. Renta steig til 14 prosent. Det sveid. Samtidig vart eg sjef i Gyldendal, som hadde lånt titals millionar for å utvikle det nye leksikonet. Renta var 14 prosent der òg. Rentenivået prega dagane og tankane mine.

Islam, som kanskje er meir bokstavtru enn dagens kristendom, har slite meir med dette. Då oljeprisen steig mot nye høgder i 1970-åra, rann arabiske bankar og statskassar fulle av framand valuta, mest dollar. Kva skulle dei gjere med desse pengane? Svaret var å plassere dei, med avkastingskrav, det vil seie rente. Teologane hjelpte til med tenlege tankar og formuleringar. Pengane kunne ikkje berre liggje der, sovande og stille. Som Kristus i evangeliet meinte dei at talentane måtte takast i bruk. Så vart gjort.

I islam er det i dag lov å låne pengar og betale rente om pengane går til eit nødvendig føremål, som utdanning eller bustad. Men bustaden må ikkje vere for stor og prangande. Bankane kan betale rente på innskot, men rentegevinsten må innskytaren sende vidare til dei fattige.

Vestens økonomi er inne i underlege tider. I mange land er styringsrenta, den satsen statsbankane bruker når dei låner til andre bankar, negativ. Negativ rente vil seie at ein må betale for å ha pengar i banken, medan ein får betalt for å låne. Verda er snudd opp ned.

Den svenske riksbanken var først ute med dette etter finanskrisa for å få fart på økonomien. Med negative renter ville folk spare mindre og låne meir, og bedrifter ville investere meir. Dei billege pengane ville få opp farten i heile samfunnet.

Om dette har verka som det var tenkt, er fagfolk usamde om.

Ved utgangen av juli hende det utrulege i finansieringsselskapet Realkredit Danmark. Når banken hadde rekna over renter, gebyr og andre kostnader for ein låntakar, sat låntakaren att med gevinst. Den negative renta var større enn alle kostnader, og gevinsten vart sett inn på konto i banken.

Dette galdt avdragsfrie lån. Ved lån med avdrag vart gevinsten gjord til eit ekstraordinært avdrag på lånet. Låntakaren var vinnaren uansett.

Renta er ein maktfaktor som pregar dagleglivet til huskjøparar, finansministrar, bankar og andre kapitalforvaltarar.

Vil renta at ein låntakar skal få ekstrapengar frå banken, blir det slik. Vil ho at ein familie må forlate heimen sin fordi rentebøra blir for tung, blir det slik.

Jahve og Allah ville begge ha renta, dette profittsøkjande glupske kreket, bort frå den gode verda dei ville skape. Det viste seg at det hadde dei ikkje makt til, trass i den allmakta dei meinte dei hadde.

Kapitalen ville det annleis. Han ville, bokstaveleg tala, bli sett pris på, i ein marknad. Han fekk det som han ville. Renta ordna det.

Og no sit dei to i kvar sin himmel og ser på korleis renta styrer i verda.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis