Rennefart i solrenningaLangrennslauparar renner på ski, men til skilnad frå skihopparar treng dei ikkje renna i ovanrennet og unnarennet. Om du ikkje vil driva med skirenning, kan du renna gatelangs eller renna ned dørene hjå folk medan du lèt munnen renna
Langrennslauparar renner på ski, men til skilnad frå skihopparar treng dei ikkje renna i ovanrennet og unnarennet. Om du ikkje vil driva med skirenning, kan du renna gatelangs eller renna ned dørene hjå folk medan du lèt munnen renna. Kan henda hamnar du i rennesteinen eller opplever at alle prosjekta dine renn ut i sanden. Men det er vel skilnad på renning og renning?
Ordet renning kan mellom anna visa til ‘trådane som går i lengderetninga i ein vev’. Denne renninga høyrer saman med verbet renna (‘få til å renna; springa; glida, køyra’ osb.), og i nynorsk har verbet denne bøyinga: renner – rende/rente – rent. Ordet skirenning høyrer til same verbet, jamfør desse seiemåtane: «Dei renner på ski.» «Eg har ikkje rent på kjelke sidan eg var lita.» «Han rende hovudet i veggen.» Ord som solrenning og dagrenning peikar mot ei anna renning: Her står me andsynes det sterke verbet renna (renn – rann – runne), som mellom anna tyder ‘flyta, strøyma; koma på glid; spira; spretta’. Sola renn (kjem opp), og tårene rann.
Jamvel om dei to verba er ulike, renn dei saman på visse punkt. Nokre av oss seier «eg rende på dør», andre seier «eg rann på dør» – og me meiner det same. I eldre germansk hadde dei to verba ulik rotvokal i infinitiv, slik dei framleis har i nokre språk, jamfør svensk rinna og ränna, dansk rinde og rende, tysk rinnen og rennen. I norrønt vart rinna og presens rinnr noko nytta, og formene rinne og rinn finst enno i norske talemål, men i normert norsk, islandsk og færøysk har me e: renna og renna. Dei to verba er runne frå ei rot som tyder ‘setja i rørsle, røra seg’, og dei er i slekt med ord som reisa og orient (‘oppståande’, d.e. der sola står opp).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.