Reinstrid i Norden
Rengjerde i Jørenskaret. Reinbeitekommisjonen av 1913 på synfaring.Universitets Zoologiska Museum.
Foto: B. Poppius, HelsingforsUniversitets Zoologiska Museum.
På Nordkalotten bur det samar, i fleire land. Fleire av samane driv med reindrift, i fleire land. Reindrifta er avhengig av at reinen kan flytte seg, etter beite og vêr, som ved sommarflyttinga til kysten. Dette er det hundreår gammal tradisjon for, og samane ser på det som ein etablert rett. Samane var her først. For denne næringsdrifta er ikkje riksgrensene viktige. Lenge før riksgrensene var på plass, vandra svenske samar og svenske reinar kvar sommar til norskekysten, gjennom norsk land, før dei vandra tilbake om hausten.
For statane er riksgrensene viktige. Grensene definerer statens territorium. Ei grenselaus og grensefri næringsverksemd er dermed ikkje problemfri. Den norsk-russiske grensa vart stengd for reinsdriftssamar i 1826, den norsk-finske i 1852. Men den svensk-norske var altså open.
Den årlege svenske reinvandringa var regulert ved den såkalla Lappekodisillen frå 1751, ein del av den norsk-svenske grensetraktaten. Denne reinvandringa ville nordmennene ha slutt på.
Her var det minst to konfliktfrontar. Den eine fann stad i Noreg, mellom fastbuande bønder og samar. Den vandrande reinen gjorde skade på mark og grøde. Ein norsk tenestemann i Utanriksdepartementet avtente verneplikta i Bardu kring 1910, og kunne fortelje korleis reinen skapte «nakne, avkvistede trestammer» i den vesle skogen som var.
Det var formulert norsk politikk å gjere nordfylka norskare, meir busett av fastbuande bønder. Eitt middel var nydyrking. Bønder frå Østerdalen drog til Bardu og Målselv og dyrka opp jord. Framleis er målet der innblanda med østerdalsspråk.
Fornorskingspolitikken hadde ei tryggingspolitisk side. Fastbuande bønder var eit fastare politisk grep på landsdelen enn omvandrande samar, eit sterkare vern mot faren frå aust, Russland. Argumentet vart nytta i Karlstad-forhandlingane om unionsoppløysinga i 1905.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.