Reine sveltihelNoko av det fyrste me gjer når me kjem til verda, er å suga i oss næring. Og slik held me fram – berre at me etter kvart får tenner, so me greier å få i oss fast føde i tillegg til flytande. Dersom me et lite eller ingenting, er me ille ute:
Noko av det fyrste me gjer når me kjem til verda, er å suga i oss næring. Og slik held me fram – berre at me etter kvart får tenner, so me greier å få i oss fast føde i tillegg til flytande. Dersom me et lite eller ingenting, er me ille ute: Fyrst kjem svolten, so kjem dauden.
Samanhengen mellom svolt og daude er ikkje berre lekamleg. Han er ordhistorisk òg. Den gamalengelske forma av svolt – swylt – tydde beint fram ‘daude’, og det ser ut til at verbet svelta opphavleg tydde ‘verta pint i hel av sjukdom, svolt, sorg eller liknande’. Norrønt svelta vart stundom nytta i tydinga ‘døy’. I eddadiktet «Oddrun-gråten» finn me formuleringa «láta sveltast», som tyder ‘lata seg døy, søkja dauden’. Med andre ord har tydinga til svelta endra seg noko dei siste hundreåra, men utsvelting, svoltkatastrofar og sveltedaude er framleis utrivelege saker.
Den som veit korleis det er å få for lite mat, kan lett stilla seg bak desse ordtaka: «Svolten gjer det svarte brødet søtt.» «Den mette veit ikkje kvar den svoltne sit.» I avgrensa periodar kan me greia oss med for lite mat, og det er ikkje heilt uvanleg at foreldre svelter seg so borna kan få eta seg mette. Om dei held seg på rette sida av sveltegrensa, kan det gå bra, endå det jamleg pip i tarmane. Men tungt er det: «Svolten gamp går aldri lett med lasset.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.