JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Reine sveltihel

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2369
20180824
2369
20180824

Noko av det fyrste me gjer når me kjem til verda, er å suga i oss næring. Og slik held me fram – berre at me etter kvart får tenner, so me greier å få i oss fast føde i tillegg til flytande. Dersom me et lite eller ingenting, er me ille ute: Fyrst kjem svolten, so kjem dauden.

Samanhengen mellom svolt og daude er ikkje berre lekamleg. Han er ordhistorisk òg. Den gamalengelske forma av svolt swylt – tydde beint fram ‘daude’, og det ser ut til at verbet svelta opphavleg tydde ‘verta pint i hel av sjukdom, svolt, sorg eller liknande’. Norrønt svelta vart stundom nytta i tydinga ‘døy’. I eddadiktet «Oddrun-gråten» finn me formuleringa «láta sveltast», som tyder ‘lata seg døy, søkja dauden’. Med andre ord har tydinga til svelta endra seg noko dei siste hundreåra, men utsvelting, svoltkatastrofar og sveltedaude er framleis utrivelege saker.

Den som veit korleis det er å få for lite mat, kan lett stilla seg bak desse ordtaka: «Svolten gjer det svarte brødet søtt.» «Den mette veit ikkje kvar den svoltne sit.» I avgrensa periodar kan me greia oss med for lite mat, og det er ikkje heilt uvanleg at foreldre svelter seg so borna kan få eta seg mette. Om dei held seg på rette sida av sveltegrensa, kan det gå bra, endå det jamleg pip i tarmane. Men tungt er det: «Svolten gamp går aldri lett med lasset.»

Å sveltefôra eller svelta fram buskapen har vore naudsynt mange stader, i minsto på «sveltihelplassar» der det mesta er umogleg å livberga seg. Det er stor skilnad på slik svolt og det å «vera sveltefôra på klassisk litteratur» eller «svolten på suksess». I ein slags mellomposisjon kjem folk som har nok mat, men som likevel svelter seg, til dømes på grunn av sjukdom eller fordi dei vil ha merksemd om ei sak (jf. sveltestreik). Dei av oss som har både mat og høve til å eta han, kan òg verta svoltne. Kan henda vert me gørrsvoltne, holsvoltne, naudsvoltne, skrubbsvoltne («svolten som ein skrubb») eller berre kjøtsvoltne. Me kan jamvel verta kyrkjesvoltne: ‘svolten etter (lang) kyrkjeferd’. I slike tilfelle gjeld det å stilla svolten. Det gjer godt både for den svoltne og dei ikring, for svoltne folk er ikkje til å spøkja med. I engelsk har det til og med dukka opp ei råkande samansmelting av orda hungry (svolten) og angry (vreid): hangry.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis