Ord om språk

Rein utklassing

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Dag og Tid er inga klasseavis, men stundom inneheld ho artiklar om klasseskilnader, klassereiser og klassisk litteratur. I denne spalta går det mykje i ordklasser. På lista over ord som er vortne handsama her, er substantiv og adjektiv i særklasse dei best representerte.

Klasse (valfritt han- eller hokjønn) er eit lånord i klasse med feil og fart, som me var innom tidlegare i haust. Eller er det meir klasse over klasse? Det kjem nesten beinveges frå eit klassisk språk.

Det latinske hokjønnsordet classis har truleg grunntydinga ‘innkalling til militærteneste’. Kan henda er ordet lånt frå etruskisk. Med tida utvida tydinga til classis seg: ‘hæravdeling; flåte (med mannskap); formueklasse; avdeling; skuleklasse’. Tydinga ‘formueklasse’ kjem av at den sjette segnkongen i Roma, Servius Tullius, ordna borgarane i grupper etter formue.

Det er framleis vanleg å nytta klasse om grupper av menneske som høyrer i hop ut frå økonomiske tilhøve, yrke, levevis og status. Me har til dømes overklasse, underklasse og mellomklasse (el. middelklasse), arbeidarklasse og kapitalistklasse. Folk i skravleklassa kjem ofte frå dei høgare klassene.

Ulike samfunnsklasser har ulike interesser. Dimed finst det klassekamp og klassehat, klassefellar og klasseforrædarar. På mange farkostar er klassedelinga handfast og skarp: Folk reiser på fyrste, andre eller tredje klasse. Klassemedvitet og draumen om det klasselause samfunnet er gjerne sterkast hjå folk som aldri har råd til businessklasse.

Klasse-laust vert det nok ikkje her. Nesten alle slags grupper av individ, organismar eller saker kan kallast klasse, berre dei har eitt eller fleire sams kjennemerke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement