Frå matfatet
Regnbogemat
At matproduksjon treng mangfald, burde seie seg sjølv.
Om vi kan lage ein regnboge berre i gulrøter, kor mykje mangfald vi ikkje har smakt enno, finst det ikkje då der ute?
Foto: Pixnio.com
Kor mange fargar har maten du et? Er gulrøtene dine oransje, raudbetane lilla og maisen gul? Trur du det er slik naturen har skapt dei? Då er det på høg tid å tru om att – og omfamne mangfaldet naturen kan gje tallerkenen. Men før vi kjem til naturens regnbogefarga gode, må vi snakke litt om kva typar mangfald som er godtekne på den menneskelege sida av matproduksjonen.
At førre helg var rar og trist, seier seg sjølv. Men at ho skulle verte helga då ein kanskje burde meldt seg ut av Facebook-gruppa «Venner av norsk landbruk», var ikkje nødvendig. Den opne Facebook-gruppa med nærare 90.000 medlemmar er stadig vekk scene for friske diskusjonar med fargerikt språk og innhald langt frå det politisk korrekte.
Eitt innlegg, som med fargerike hjarte oppmoda til å «stå saman mot uvitenheten», fekk likevel moderatorane i gruppa til å måtte ta fram sletteknappen. Blant kommentarane som fekk lov å stå, var likevel fylgjande: «ikke alle som liker homse flagg rundt forbi». «Nå er moderatoren her lynsnar med å slette innlegg han ikke liker (halal) – si meg, hva har dette med landbruk å gjer??» «Når ble det normalen å omtale seksuelle fetisjer og begjær som kjærlighet?» – og endå fleire variantar av «Har ingenting med landbruk å gjere».
Nett det skal vi sjå litt nærare på.
Psykisk bondehelse
Kor godt er det å vere bonde i Noreg? Undersøkingar har synt at den psykiske helsa til bønder ligg under snittet for andre yrkesgrupper. Uro for økonomi og lite hjelp til faglege utfordringar vert gjerne trekte fram som årsaker – saman med einsemd. Å vere bonde er å vere mykje aleine, men med mange forventningar: Ein bonde er framleis fyrst og fremst ein mann – og då endåtil ein maskulin mann. For å vere bonde må du vere sterk, du må kunne mykje med hendene, du må ikkje vere sentimental, og du må kunne føre familiegarden vidare både økonomisk og i slekta. Altså må du lage born.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.