Frå bridgeverda

Reformatoren

Deng Xiaoping pleidde den mentale helsa si ved å spela bridge.
Publisert Sist oppdatert

Bridge var forbode under kulturrevolusjonen i Kina, det vart sett på som ein altfor borgarleg syssel. Med Deng Xiaoping (1904–1997) skulle haldninga endre seg.

I 1920 kom Deng seglande til Marseille i lag med eit par hundre andre kinesiske studentar. Han gjekk litt på skule i Frankrike, men for det meste arbeidde han i industrien – og han lærte bridge.

Han hevda seinare at det kinesiske folket vart tryggare når dei såg han spela bridge, fordi dei då visste at det stod bra til med den mentale helsa hans. Deng lyfte fram bridgen i stor skala i heimlandet, og med hans hjelp arrangerte Den nasjonale sportskomiteen den fyrste store kinesiske bridgemeisterskapen i 1979.

Deng hadde fleire profilerte makkerar. Den eine var ein enno aktiv ekspert i den kinesiske tankesporten go, Nie Weiping – forresten ein barndomsven av Xi Jinping.

Fleire andre var høgtståande medlemer av kommunistpartiet. Kanskje mest interessant: Katherine Wei-Sender, som døydde i fjor. Ho kom frå Beijing, men drog i ung alder til USA, der den andre ektemannen hennar skulle bli forretningsmannen Chung Ching Wei, som var sentral i utviklinga av presisjonskløveren, eit meldesystem som enno i dag blir nytta over heile verda.

Wei-Sender reiste ofte frå USA til heimlandet for å spela med Deng. Ho skildra han som ein «tenksam, konservativ og varsam spelar som liker å vinne, men aldri for pengane sin del».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement