«Rote er snart brote», seier ordtaket. Det er leikande lett å riva det som er kavrote, pillrote, gjennomrote og liknande, men det kan òg falla i hop utan at me er budde på det. Om det kjem rote i noko og me oppdagar det tidleg, kan me ta bort dei rotne delane og berga resten. Men det rotne kan ikkje reddast. Det er ein av skilnadene mellom rått og rote: «Det råe kan verta godt, men ikkje det rotne.»
Me veit ikkje for visst kvar adjektivet roten (òg skrive ròten) kjem frå. Norrønt rotinn vart nytta i tydingane ‘som er (i ferd med å gå) i oppløysing’ og ‘hårlaus, snau’. Roten og det nærskylde verbet rotna heng etter alt å døma i hop med verbet røyta (‘få til å rotna eller løysa seg opp; fella hår’). I norrønt finn me dessutan forma úrotinn, som vart nytta om dyr som ikkje hadde røytt (t.d. úrotin ær ‘søye som ikkje har mist ulla’). Engelsk rotten er lånt frå nordisk.
Væte aukar faren for rote, og ord som rotevêr og røytevêr vert nytta om varmt og rått vêr som får grøda til å rotna. So har me rotetev og rotelukt, som me kan nytta om illteven frå utskjemde matemne og andre rotne saker. Om me skal tru ordtaket, bør ein la slikt liggja i fred: «Di meir ein rører i det rotne, di meir det tevjar.» Dette ordtaket kan òg visa til rotenskap i biletleg meining: moralsk forderving, uærleg og tarveleg framferd. Me kan elles få rotegarp (‘rap som luktar vondt’), ha rotegeis (‘vond ande; rotegarp’) og verta rotne i magen.
Lekamen vår kan vera roten på andre måtar òg. Me kan til dømes ha rotne tenner. Det er noko anna enn å vera roten i kjeften eller ha rotekjeft (d.e. vera grov og usømeleg i talen). Når folk seier at dei er rotne i armane, er dei ikkje beint fram roteskadde. Dei er berre kraftlause eller veike, om lag slik ein roten tråd er veik og morken. Å gå på ski i roten snø (òg kalla roteføre) plar vera krevjande, og det er i alle fall krevjande når ein er roten i kroppen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.