Frå sjakkverda
Rasande keisamt
Magnus Carlsen er framleis klart nummer éin på verdsrankinga i langsjakk, men vil han ikkje spela meir?
Foto: Mihal Walusza, Norway Chess / Daniel Kings YouTube-kanal
Den dagen denne avisa kjem ut, fredag 6. juni, kan vera sjakkhistorisk. Det kan vera siste sjanse til å sjå Magnus Carlsen spela ei klassisk langsjakkturnering. Signala er tydelege nok.
I dag vert den 10. og siste runden i Norway Chess spela. For 13. år på rad er Stavanger vertskap for den sterkaste turneringa i verda. Carlsen har vunne fem av dei seks siste åra. Om han vinn i år, er heilt uvisst etter det som skjedde i runde 6 sist sundag. Før dette partiet, mot den indiske verdsmeisteren Gukesh, var Carlsen i leiinga. Han hadde spela glimrande, ikkje minst hadde han vunne prestisjeoppgjeret i fyrste runde mot den same Gukesh, som fylte 19 år i Stavanger. I 6. runde spela Carlsen lenge strategisk briljant og gjekk mot siger 2–0 mot verdsmeisteren.
Men indaren, som ifylgje Carlsen har svak intuisjon, men er fantastisk i variantrekning, kjempa som om det stod om livet. Carlsen makta ikkje få inn den avgjerande kombinasjonen, og tida vart knapp. Med berre 22 sekund att på klokka rekna Carlsen feil i ein variant der han ofra springaren. Carlsen miste ikkje berre halvpoenget, men heile poenget. Det var ein stor prestisjesiger for Gukesh, som slo verdseinaren for fyrste gong.
Idet Carlsen tapte, dunka han handa i bordet så brikkene velta. Berre den kvite kongen til Gukesh stod oppreist. Ein video av kjensleutbrotet vart sett av fem millionar menneske på få timar. Både for den lokale arrangøren og verdssjakkforbundet Fide var dette god reklame. Men dagen etter sa Carlsen til TV 2 at problemet er at han ikkje tykkjer klassisk sjakk er gøy eller spanande lenger.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.