Rådville supperåd

Publisert

«Den som har lita råd, får ikkje slå stort på», seier ordtaket. Rådsnare og rådkloke folk kan greia seg godt jamvel om pengepungen er slunken, og det er stor hjelp i gode rådgjevarar. Å ta imot råd frå alle moglege folk er derimot utilrådeleg. Dei som er tviråduge og retter seg etter alle innspela dei får, vert lett rådlause og får ingenting gjort. Me har ordtak for det òg, må vita: «Skal ein byggja etter kvar manns råd, so kjem det aldri tak oppå.»

Substantivet råd og verbet råda er nedervde ord med lang fartstid og mange arbeidsområde. (Ordet område – eig. ‘distrikt som ein råder over’ – vart rett nok lånt frå svensk ein gong på 1800-talet.) Verbet råda kan mellom anna tyda ‘styra’, ‘fastsetja’ og ‘gjeva råd’: «Stilla råder.» «Han rådde grunnen åleine.» «Eg råder ikkje med det.» «Ho var fastrådd på å fara.» «Dei rådde oss til å gjera det.» Soleis vert verbet nytta i mange av dei andre germanske måla òg. Men engelsk skil seg ut, for der har verbet berre tydinga ‘lesa’. Ja, norsk råda og engelsk read er i grunn og botn same ordet. I mellomalderen kunne folk her heime finna på å nytta råda om å tyda og lesa, men den tydinga vart snøgt borte att.

Når det gjeld substantivet råd, er ingen av dei grammatiske kjønna einerådande: Råd finst i ein hankjønns-, hokjønns- og inkjekjønnsvariant. I målføra har råd stort sett vore bøygt som hokjønnsord (jf. Aasen). I norrønt var ordet inkjekjønn, og forma råds (jf. «spørja til råds») er ein leivning av den gamle inkjekjønnsbøyinga. Sterke hokjønnsord endar tradisjonelt på -ar i genitiv («koma til bygdar», «koma til tidar»), men råd endar på -s til liks med andre inkjekjønnsord (jf. «til fjells», «til beins»).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement