JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Rådville supperåd

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2357
20190308
2357
20190308

«Den som har lita råd, får ikkje slå stort på», seier ordtaket. Rådsnare og rådkloke folk kan greia seg godt jamvel om pengepungen er slunken, og det er stor hjelp i gode rådgjevarar. Å ta imot råd frå alle moglege folk er derimot utilrådeleg. Dei som er tviråduge og retter seg etter alle innspela dei får, vert lett rådlause og får ingenting gjort. Me har ordtak for det òg, må vita: «Skal ein byggja etter kvar manns råd, so kjem det aldri tak oppå.»

Substantivet råd og verbet råda er nedervde ord med lang fartstid og mange arbeidsområde. (Ordet område – eig. ‘distrikt som ein råder over’ – vart rett nok lånt frå svensk ein gong på 1800-talet.) Verbet råda kan mellom anna tyda ‘styra’, ‘fastsetja’ og ‘gjeva råd’: «Stilla råder.» «Han rådde grunnen åleine.» «Eg råder ikkje med det.» «Ho var fastrådd på å fara.» «Dei rådde oss til å gjera det.» Soleis vert verbet nytta i mange av dei andre germanske måla òg. Men engelsk skil seg ut, for der har verbet berre tydinga ‘lesa’. Ja, norsk råda og engelsk read er i grunn og botn same ordet. I mellomalderen kunne folk her heime finna på å nytta råda om å tyda og lesa, men den tydinga vart snøgt borte att.

Når det gjeld substantivet råd, er ingen av dei grammatiske kjønna einerådande: Råd finst i ein hankjønns-, hokjønns- og inkjekjønnsvariant. I målføra har råd stort sett vore bøygt som hokjønnsord (jf. Aasen). I norrønt var ordet inkjekjønn, og forma råds (jf. «spørja til råds») er ein leivning av den gamle inkjekjønnsbøyinga. Sterke hokjønnsord endar tradisjonelt på -ar i genitiv («koma til bygdar», «koma til tidar»), men råd endar på -s til liks med andre inkjekjønnsord (jf. «til fjells», «til beins»).

Råd er inkjekjønn når me talar om ei samling oppnemnde eller valde personar, jamfør elevråd, Kongens råd, språkråd og supperåd. Det er hankjønn når me talar om rådsmedlemer og personar med visse titlar, jamfør statsråd og kommunalråd. Det er hokjønn eller inkjekjønn når me talar om rettleiing og framlegg til hjelp: Me kan gjeva nokon ei god råd eller eit godt råd. Når me talar om økonomisk evne, (lækje)middel, høve og utveg, er det hokjønnet som råder: «Dei har god råd.» «Dei prøvde mange råder mot sykja.» «Han visste ikkje si arme råd.» «Det vert støtt ei råd med råd

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ekstreme nedbørsmengder førte til ein katastrofe i Valencia i Spania 29. oktober. Minst 217 skal ha mista livet, og dei materielle øydeleggingane er kolossale.

Foto: Susana Vera / Reuters / NTB

Samfunn

Prisen for det ville vêret

I forsikringsbransjen er det langt mellom klimaskeptikarane.

Per Anders Todal

Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Husforsikring i hardt vêr

Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?

Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
PerVaglum

Vestre må avslutte konflikter og beklage

«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Tid for realitetsorientering

Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.

Stemninga på valmøtet i Salem var ikkje sint, men fandenivaldsk og sjølvsikker.

Foto: Ida Lødemel Tvedt

Samfunn

Hjarte for huset

NEW YORK: Valnatta i New York kjendest som eit antiklimaks etter ei veke på reise i det som alt høyrdest ut som Trumps Amerika.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis