Puslete kunnskap
Den tyske filosofen Gottfried Wilhelm von Leibniz (1646–1716) måla av Christoph Bernhard Francke.
Foto: Wikipedia
Vi vassar i uendelege kunnskapsmengder. Siste hundreåra har kunnskapsvoksteren eksplodert. Ingen har oversikt over all kunnskapen lenger. Det finst vitskapshistorikarar som meiner at den tyske filosofen Gottfried Leibniz, som levde på slutten av 1600-talet, var den siste som hadde oversikt over all kunnskapen. Det er det sjølvsagt uråd å vite. Utsegna er kanskje berre eit forsøk på å illustrere kva som har hendt med kunnskapen etter hans levetid.
Men når starta kunnskapsvoksteren? Det er det også uråd å vite. Om vi held oss til moseboka, måtte Adam og Eva og sønene livnære seg med jordbruk då dei vart jaga ut av paradiset. Det vart nok ei bratt læringskurve for å skaffe seg ny og nødvendig kunnskap.
I europeisk historie er det vanleg å starte med dei joniske naturfilosofane som levde i dagens Vest-Tyrkia for 2500 år sidan. Dei fekk det for seg at vi burde studere naturen for å lære han å kjenne. Dei var sterkt i tvil om det var ånder, makter og vette som styrte naturen, slik rådande lære var.
Det er ikkje mykje vi veit om dei, og etter det vi veit, var byrjinga nokså puslete. Ein av dei meinte at vatnet var utgangspunkt for alt. Alt flyt, sa han. Ein annan meinte det var elden. Ein tredje vismann meinte at ingen kunne stige ned i same elva to gonger. Andre gongen var det ei ny elv. Det var nok tida han tenkte på. Her var ikkje mykje handfast.
Men ut frå denne puslete starten voks det fram ein gresk vitskap, den første vitskapen i Europa. Det handla om matematikk, astronomi, fysikk og medisin. Og historie. Herodot og Tukydid skapte moderne historie. Det galdt om, både i natur og historie, å sjå det ein såg og prøve å forstå det.
Om vi følgjer dagens avanserte vitskapar bakover i historia, vil vi ofte hamne hos desse grekarane. Men vi finn også mykje rart på vegen.
Dagens kjemi har røter hos handverkarar og gruvearbeidarar som arbeidde med ulike stoff. Og alkymikunsten skapte mange røynsler og kjemisk kunnskap. Alkymi handla om å finne ein metode som kunne omskape simpelt metall til gull. Dette sleit dei med i hundreår. Gull vart det aldri, men mykje ny kunnskap, som med tid og stunder kunne leggje grunnen til kjemifaget. Kjemien var eit biprodukt av gulltørst.
Stjernehimmelen har alltid interessert menneska. For grekarane var himmelen full av gudar, som påverka livet på jorda. Det var viktig å observere desse gudane og finne ut kva dei hadde for seg. Utgangspunktet var astrologi, stjernetyding. Men det grunnla og utvikla astronomien. Astronomien vart såleis også eit biprodukt av religiøs uro.
Menneskekroppen var bustaden til mennesket. Gjennom historia er det oppsamla store kunnskapsmengder om han, noko som har ført oss fram til dagens rikdom av medisinar og diagnosar. Tidleg i medisinens historie var krigen ei rik kjelde til kunnskap om menneskekroppen. Barberane og feltskjerane i feltet amputerte og stelte sår. Dei fekk meir kunnskap om menneskekroppen enn andre. Og dissekeringa kom seint. Medisinsk kunnskap vart eit biprodukt av krigen.
Også i vår moderne tid kan slik spesialkunnskap kome til nytte.
Vêret i ryfylkefjordane kan bli dramatisk. Øyane kan i praksis bli isolerte. Når kvinner då skulle føde, kunne det vere uråd å få tak i både lege og jordmor. Så måtte ein bruke det ein hadde, om det vart vanskeleg, den kunnskapen som fanst om korleis kroppar var laga. Og den var det slaktaren som hadde.
Ein kar eg kjende godt, vart forløyst av slaktaren ved ein dramatisk fødsel. Når det heile var over, var det tydeleg at barnet var så ille faren at det stod om livet. Guten måtte døypast for å kome rett i det neste livet. Så døypte slaktaren like godt guten – nauddåp, heiter det vel på fagspråket.
I høg alder kom dette dåpsbarnet til meg for å be om ein samtale. Eg hadde utdanning, artium. Han ville vite om eg trudde denne slaktardåpen var gyldig når han stod for St. Peter. Slaktaren var ikkje av Guds beste barn. Burde han døype seg om att? Eg, som hadde utdanning, var trygg på at dåpen var god nok. Dåp er dåp. Så vidt eg veit, er det også det kyrkja meiner.
Så berga denne litt lurvete slaktaren, med sin slaktarkunnskap, livet til mor og barn, samtidig som han ordna med himmelbilletten.
Naturkreftene hadde gjort den eksisterande kunnskapen utilgjengeleg. Så måtte dei bruke den kunnskapen dei hadde.
Det er i grunnen det medisinens historie handlar om, å bruke den kunnskapen ein har.
No er kunnskapen enorm. Men det går ikkje alltid bra likevel, slik det gjorde då slaktaren mobiliserte den tarvelege kunnskapen sin på ei ryfylkeøy for over hundre år sidan.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.