JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Pulserande liv

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2353
20171222
2353
20171222

Den som vil ha nye impulsar, kan prøva å ta pulsen på impulsive folk i jolestria. Det er ei krevjande oppgåve, so det greiaste er vel å sitja med kvilepuls i godstolen og laga pulsvarmarar – òg kalla pulsvantar eller pulsvottar. Men kva er samanhengen mellom pulsen og impulsen? Og kvifor kjem ein propell fykande inn i biletet?

Både pulsen, impulsen og propellen heng i hop med latin pellere, som tyder ‘slå, støyta; setja i rørsle’. I same ætta finn me appell og appellera (‘tiltala, kalla’), interpellera (‘avbryta; koma med innvendingar mot), propulsjon (‘framdrift’), engelsk push (‘skuva, dytta’) og expel (‘støyta ut; utvisa’) og ein haug med andre ord. Impuls kjem frå latin impellere (‘støyta til, driva fram’), og ein impuls er visseleg ein støyt: Det er ein framskuv, ei tilskunding og – i litt vidare meining – eit innfall eller ein ny tanke. Impulshandlingar og impulskjøp er kjende for å vera bråe og lite gjennomtenkte. Det treng ikkje vera noko minus i seg sjølv, men dersom du gjer alt «på impuls», kan omverda verta reint svimmel av alle omskifta og kursendringane dine. Ja, med mindre dei greier å føla deg på impulsen.

Det er lettare å «føla nokon på pulsen»: finna ut kva nokon verkeleg vil eller meiner. Dette gamle ordlaget ter seg til dømes hjå Ludvig Holberg, som slår fast at «habile Anførere (…) maa, ligesom Medici, først føle en Nation paa Pulsen» (Epistel 84). Pulsen er elles kjend for å henga i hop med hjarteslaga våre og dimed livet sjølv. Livåre er eit anna ord for pulsåre, og dersom noko hender med desse årene, sit du vondt i det. So sterk er koplinga mellom puls og liv at me kan bruka pulsera til å målbera livskraft, iver og livleg aktivitet, til dømes: «Ho lika seg i den pulserande storbyen.»

Sidan pulsen er kjenneteikna av meir eller mindre jamn dunking, hender det at me grip til puls når me talar om rytme og andre slags trykkar og støytar. Me kan seia at «låtane har ein fin rytmisk puls», og at «kvardagen fekk eit jamnare pulsslag». So har me meir innfløkte pulsar, som straumpuls (stutt elektrisk straumstøyt) og spaningspuls (stutt endring av elektrisk spaning). Før i tida vart latin pulsator nytta i tydinga ‘ein som slår; klokkar, ringjar’. Me får tru at det ikkje var pulsklokka han ringde i.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis