Psykologar og overtruSjakk er ein sport der hjernen spelar ei viss rolle. Men jamvel om det «mentale» er viktig, har eg ikkje høyrt at dei beste spelarane nyttar idrettspsykologar. Det vil seia, med eitt unnatak: Sovjetunionen.

Klok av skade nytta Kortsjnoj refleksbriller for å verja seg mot psykologane til Karpov under VM-kampen i 1981.
Klok av skade nytta Kortsjnoj refleksbriller for å verja seg mot psykologane til Karpov under VM-kampen i 1981.
Publisert

Sjakk er ein sport der hjernen spelar ei viss rolle. Men jamvel om det «mentale» er viktig, har eg ikkje høyrt at dei beste spelarane nyttar idretts­psykologar. Det vil seia, med eitt unnatak: Sovjetunionen.

Dei sovjetiske stjernene hadde noko felles: ei overtru som ein ikkje finn hjå relativt rasjonelle sjakkspelarar i Vesten. Ein av dei mest intelligente sovjetrussiske verdsmeistrane, Garri Kasparov, var viss på at han ville bli den 13. meisteren i sjakkhistoria av di han vart fødd 13. april 1963. Anatolij Karpov, den 12. verdsmeisteren, nekta å spela på måndagar av di den dagen bringar ulukke, ifølgje gamal russisk overtru. VM-utfordraren og avhopparen Viktor Kortsjnoj skulda Karpov for å vera overtruisk, men sjølv trudde han på kva som helst. Som då han i 1977 spela VM-kvalifisering i Beograd og fekk hjelp under partia av sveitsiske parapsykologar gjennom fjernhealing.

I VM-kampen og hatoppgjeret mellom Karpov og Kortsjnoj i 1978 byrja det verste sirkuset då dr. Zukhar kom til spelestaden på Filippinane, offisielt for å hjelpa Karpov med svevnproblem, men reelt for å sitja på fyrste rad og stira på Kortsjnoj. Då Karpov faktisk fekk svevnproblem etter det 22. partiet, hadde ikkje psykologen noko effektivt råd, men han lukkast heile vegen med å irritera vitet av Kortsjnoj. Kortsjnoj gjekk til motåtak med sin eigen psykolog, dr. Berginer, i det 11. partiet. Strategien var så effektiv at Kortsjnoj vann partiet. Karpov-leiren svara med meir psykologisk krigføring og tok på ny leiinga i VM-kampen. Kortsjnoj fekk då hjelp frå to amerikanske yogaguruar som var ettersøkte for mord på ein diplomat. Dei fortalde Kortsjnoj om ein rituell frase på sanskrit som han kunne nytta for å avvæpna dr. Zukhar før det 21. partiet. Då Kortsjnoj resiterte frasen rett opp i andletet på psykologen, måtte han dekkja seg til med hendene, og Kortsjnoj vann partiet same dag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement