Ord om språk

Prøvekanin på prøve

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Her er det ikkje tid til prøveomgang, prøveprosjekt og prøvespeling: Me sveivar i gang styrkeprøva til prøve med ein gong. Kan henda er det stygt gjort å ikkje leggja til rette for prøving og feiling, men det får stå si prøve. Prøve har vonleg prøvekøyrt opplegget nokre gonger allereie. Dopingprøvene ser fine ut.

Til liks med plukka, som me granska førre gong, har prøve og verbet prøva latinske røter og kom inn i norrønt gjennom lågtysk. Prov og prova (og engelsk proof og prove mfl.) høyrer òg til her. Alle heng i hop med latin probare (‘godkjenna, lika; undersøkja; få ein til å godkjenna eller godta; overtyda ein om noko’). Probare skal koma av adjektivet probus (‘god, rett; dygdefull, heiderleg’).

Å slå opp i ordbøker er ein velprøvd framgangsmåte for den som baksar i eit tett kratt av ordtydingar og ynskjer seg orden og oversyn. Eg har prøvt so godt eg kan å finna ut korleis prøve og prøva har fått tydingane sine, men sidan både dei og dei eldre slektningane deira har hatt mange tydingar fælt lenge, er det ei hard prøving for meg. Men andre må gjerne prøva seg!

Same korleis prøve tok sine fyrste prøvande steg, kan me i dag nytta ordet på hovudsakleg tre måtar. Stundom tyder prøve ‘gransking, kontroll, test’, som i jegerprøve, matteprøve, styrkeprøve og ordlag som «setja på prøve». Eldprøve vert i dag helst nytta biletleg. Andre gonger tyder prøve ‘innøving’ eller ‘øving på framføring’ (t.d. generalprøve).

Me plar òg kalla det prøve når me tek noko ut or ei større mengd og granskar det eller nyttar det som døme. Her finn me blodprøve, smaksprøve, spyttprøve, stikkprøve og vassprøve. Nokre prøver er innom eit prøveglas eller prøverøyr. Å venta på prøvesvara kan vera nervepirrande.

Rimeleg nok vert verbet prøva òg nytta om gransking og testing («prøva krefter», etterprøva, overprøva). Men det er tydinga ‘freista, forsøkja’ som svingar seg mest i dag. Me prøver oss fram, prøver oss på noko eller nokon, prøver noko nytt og styrer på med prøveboring, prøveklutar, prøveordningar og prøverom. Inkje skal vera uprøvt!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement