Proteinpudding

Heller litt for mykje pudding i beina enn å pisse protein.

Mange pøsar på med protein berre for å vise fram musklane sine.
Mange pøsar på med protein berre for å vise fram musklane sine.
Publisert

Matvareprodukt vert lanserte på ulike måtar. Medan somme får stå nokre månader i ei hylle utan at nokon får med seg verken at dei var der eller at dei forsvinn, sidan ingen kjøper dei, gjer andre inntoget sitt med tilbodskampanjar og eigne, profilerte hyller midt på golvet eller – kongeplasseringa – rett framfor kassen.

Eit av dei meir overraskande tilskota til siste kategori er proteinpuddingen ProPud. Dei siste månadane har eg sett han overalt. Det er overraskande fordi han ikkje vert produsert av nokon av dei store samvirka eller daglegvarekonserna verken i Noreg eller internasjonalt. Tvert om er produsenten det vesle, svenske selskapet Njie, starta av kampsportmeisteren Assan Njie i 2008.

Muskeljakta

Kanskje er det ikkje så overraskande – produktet er trass alt eit proteintilskot. Og i 2017-røyndommen, der sterk er det nye tynn, er det ingenting som er så heitt som masse protein i få kaloriar.

Det er nett det ein får i ein ProPud: 20 gram protein, berre 144 kaloriar. Om du skulle vere så heldig å vere ein av dei som ikkje brukar siste rest av sommaren på å rekne proteinmengder, kan eg opplyse deg om at 20 gram protein er ganske så mykje. Det er til dømes like mykje som i 150 gram hasselnøtter eller to og eit halvt egg.

Dette skal du altså ete med éin gong du er ferdig med å trene, eller berre når du har trong for eit kjapt lite måltid, eller kanskje berre har lyst på eitt eller anna som ikkje gjev deg og sommarkroppen din dårleg samvit. Er ProPud det etterlengta treet som veks inn i himmelen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement