JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Ikkje eit kløyva ord

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2364
20180413
2364
20180413

Eit gamalt ordtak seier: «Det kan ingen kløyva seg.» Bodskapen er at ingen kan vera to stader på éin gong, og for vanlege, levande menneske rimar det godt. Men lekamen til mang ein helgen er visst kløyvd og spreidd, og det finst jamvel folk som har døytt av kløyving. Til dømes i Njålssoga: «Hogget kom i hovudet og kløyvde det ned i jekslane, slik at dei datt ned på isen.» Men om det er umogleg eller utilrådeleg å kløyva seg, finst det mangt anna å kløyva. Me kan til dømes velja mellom vedkløyving, atomkløyving og ordkløyving.

Kløyva har grunntydinga ‘dela (i to), skilja åt; bryta opp i mindre delar’, og det er i ætt med ord som kloven (‘riven, sprokken’), klovna, klauv, kløv og kløft. Det som er vanskeleg å kløyva, kan me kalla rangkløyvt og tungkløyvt, og det som er lett å kløyva, er beinkløyvt, lettkløyvt, radkløyvt og rettkløyvt. Desse orda kan me òg nytta biletleg: «Det er ikkje so beinkløyvt å svara på det.» Adjektivet ukløyv kan me bruka om ukvass reiskap og vyrke som ikkje kan kløyvast: «Veden er ukløyv.» «Øksa er ukløyv.» Forma kløyva i ordlaget «ikkje eit kløyva ord» er truleg ei omlaging av kloven.

Norsk er eit dialektkløyvt mål, og det finst jamvel folk som har kløyvd infinitiv i talemålet sitt (ulik infinitivsending, t.d. lesa, men skrive). Og so har me noko som heiter splittinfinitiv. Det er når eitt eller fleire ord kjem imellom infinitivsmerket og infinitiven: «Det er lurt å alltid ha litt kontantar.» Nokre ordkløyvarar harmast over splittinfinitivar og meiner at me bør halda oss unna dei, bortsett frå når tydinga krev det. (Jamfør desse to setningane: «Eg lova å ikkje gjera det.» «Eg lova ikkje å gjera det.») Me veit elles at språkspørsmål kan kløyva både familiar og lokalsamfunn. Kløyvande krefter kan òg te seg i politikken (jf. partikløyving), i naturen («fjordane kløyver landet») og i sinnet. Nokre menneske er tankekløyvde, andre har kløyvingshug (hug til fraksjonering).

I det store og heile er det best å kløyva store ting. Folk som brukar mykje tid på å kløyva ørsmå saker, vert gjerne oppfatta som låttelege eller irriterande. Dersom nokon seier at du er ein hårkløyvar, meiner dei at du heng deg opp i uviktige detaljar. Og den som «kløyver lusa» eller «kløyver både lusa og lusefoten», er knipen.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis