Prestane må med

Noko av det første Erik Pontoppidan gjorde som prokanslar ved universitetet i København, var å opprette ei lærarstilling i økonomi for teologistudentane.
Noko av det første Erik Pontoppidan gjorde som prokanslar ved universitetet i København, var å opprette ei lærarstilling i økonomi for teologistudentane.
Publisert

Med opplysingstida i siste del av 1700-talet kom eit aukande krav om kunnskap. Men det stod dårleg til både med produksjon og distribusjon av denne kunnskapen på våre kantar. Høgare undervisning og forsking var det lite av. Høgare utdanning var det stor sett prestane som hadde.

Peter Frederik Suhm, ein av grunnleggjarane av vitskapsselskapet i Trondheim, skreiv om dette i ei bok i 1764. Der skriv han: «Det er klart at intet Land i Europa er i slættere Omstendigheder til Videnskabers Fremvext og Udbredelse, da vi ikkje engang haver et Universitet.»

Men denne lokale intellektuelle eliten, prestane, sat ikkje berre og ruga på gudsord og sakrament. Dei kjende folkets vilkår, og då poteta dukka opp på 1700-talet, såg dei at her var eit våpen å drive hungeren tilbake med. Potetprestane har fått eige oppslagsord i leksikonet. Under napoleonskrigane kom dei såleis til å spare tusenvis av menneskeliv, seier leksikonet.

Og på Manger vandra soknepresten Michael Sars rundt på stranda og samla smådyr på 1800-talet. Han studerte desse smådyra og grunnla dermed norsk marinbiologi. Sars vart vår første professor i faget, med fleire æresdoktorat ved europeiske universitet etter kvart. Soknepresten i Manger vart ei internasjonal stjerne i marinbiologi. Arbeidet vart ført vidare av sonen G.O. Sars og svigersonen Fridtjov Nansen, som var ein framståande marinbiolog ved sida av alt det andre han stelte med.

Og prestane skreiv om området sitt. Mykje av det vi veit om Noreg etter mellomalderen, er fortalt i bøker av skriveføre prestar i ulike delar av landet.

I 1746 kom Fredrik 5. på trona i det dansk-norske kongeriket. Han og folka rundt han var opplysingsmenn. Kunnskapen måtte spreiast. Og prestane vart påkalla. Kongen meinte at teologistudentane skulle følgje undervisning i økonomi og naturfag, i tillegg til dei tradisjonelle faga. Og dei burde følgje undervisning i matematikk og fysikk, og sidan bli eksaminerte i faga, så «det derved kan gives Leilighed til nyttige Opdagelser», skreiv den universitetsansvarlege i 1754. Prestane skulle i moderne språkbruk medverke til økonomisk innovasjon, skriv John Petter Collett om dette i universitetshistoria.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement