Prestane må med
Noko av det første Erik Pontoppidan gjorde som prokanslar ved universitetet i København, var å opprette ei lærarstilling i økonomi for teologistudentane.
Foto: Wikipedia
Med opplysingstida i siste del av 1700-talet kom eit aukande krav om kunnskap. Men det stod dårleg til både med produksjon og distribusjon av denne kunnskapen på våre kantar. Høgare undervisning og forsking var det lite av. Høgare utdanning var det stor sett prestane som hadde.
Peter Frederik Suhm, ein av grunnleggjarane av vitskapsselskapet i Trondheim, skreiv om dette i ei bok i 1764. Der skriv han: «Det er klart at intet Land i Europa er i slættere Omstendigheder til Videnskabers Fremvext og Udbredelse, da vi ikkje engang haver et Universitet.»
Men denne lokale intellektuelle eliten, prestane, sat ikkje berre og ruga på gudsord og sakrament. Dei kjende folkets vilkår, og då poteta dukka opp på 1700-talet, såg dei at her var eit våpen å drive hungeren tilbake med. Potetprestane har fått eige oppslagsord i leksikonet. Under napoleonskrigane kom dei såleis til å spare tusenvis av menneskeliv, seier leksikonet.
Og på Manger vandra soknepresten Michael Sars rundt på stranda og samla smådyr på 1800-talet. Han studerte desse smådyra og grunnla dermed norsk marinbiologi. Sars vart vår første professor i faget, med fleire æresdoktorat ved europeiske universitet etter kvart. Soknepresten i Manger vart ei internasjonal stjerne i marinbiologi. Arbeidet vart ført vidare av sonen G.O. Sars og svigersonen Fridtjov Nansen, som var ein framståande marinbiolog ved sida av alt det andre han stelte med.
Og prestane skreiv om området sitt. Mykje av det vi veit om Noreg etter mellomalderen, er fortalt i bøker av skriveføre prestar i ulike delar av landet.
I 1746 kom Fredrik 5. på trona i det dansk-norske kongeriket. Han og folka rundt han var opplysingsmenn. Kunnskapen måtte spreiast. Og prestane vart påkalla. Kongen meinte at teologistudentane skulle følgje undervisning i økonomi og naturfag, i tillegg til dei tradisjonelle faga. Og dei burde følgje undervisning i matematikk og fysikk, og sidan bli eksaminerte i faga, så «det derved kan gives Leilighed til nyttige Opdagelser», skreiv den universitetsansvarlege i 1754. Prestane skulle i moderne språkbruk medverke til økonomisk innovasjon, skriv John Petter Collett om dette i universitetshistoria.
Tankane møtte motstand på universitetet. Men dei var støtta av rikets fremste geistlege, biskopen i Bergen, Erik Pontoppidan. Han ville at teologistudentane «anvendte en Deel af deres Academiske Aar mere, eller dog ligesaavel til Physicam som Methaphysicam og Logicam». Han vart lagd merke til og henta til København som prokanslar ved universitetet. Noko av det første han gjorde, var å opprette ei lærarstilling i økonomi for teologistudentane. Den tilsette skulle undervise i natur- og realfag òg.
Ein professor i økonomi vart utnemnd i 1763. Men det fanst ikkje pengar til løna hans, og han søkte seg snart bort.
Pontoppidans reformforsøk førte til lite. Økonomane måtte vente på gangen, lenge. Først midt på 1800-talet, med Anton Martin Schweigaard fekk økonomifaget eit løft som dugde.
Og kyrkja vakta sitt. Prestane skulle forkynne evangelia og forvalta sakramenta. Punktum.
Og universitetet var vaktmannskap for eineveldet. Det skulle vakte over den rette trua og sjå til at det ikkje vart publisert meiningar som kunne undergrave den rette læra eller kongens autoritet. I tillegg hadde professorane i oppdrag å sensurere trykt skrift.
I 1754 vart det gjort eit nytt forsøk. Tyskaren Georg Christian Oeder vart utnemnd til professor i botanikk og økonomi ved det medisinske fakultetet. Medisinarane ville ikkje ha han, og dei fann fram ein gammal regel som sa at ein ny professor måtte halde ei offentleg førelesing på latin over ei vitskapleg avhandling før han formelt kunne utnemnast.
Oeder var ingen skarp latinar, og medisinarane sparte han ikkje under den pålagde disputasen. Fakultetet konkluderte med at han ikkje var kvalifisert til stillinga. Det var til og med punkt i avhandlinga hans som streid mot kristendommen. Sa fakultetet. Oeder reiste.
Universitetet forsvara sitt revir med den makta dei hadde. Økonomane og økonomien vart ståande på gangen lenge.
Men så kom dei omsider inn i varmen. I moderne tid er dei juvelen i universitetskrona med sine to nobelprisar, til Ragnar Frisch og Trygve Haavelmo.
Men teologane kom dei aldri ut av det med.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.