Potetchips

Kartofler forsterkar problemet, ikkje smaken.

Slikt som gjer livet bitte litt betre. I det minste av og til.
Slikt som gjer livet bitte litt betre. I det minste av og til.
Publisert

For å slå fast det openberre: Verda ville vore ein fattigare stad utan potetchips. Somme tider er friterte, salta poteter nett det vi treng – uansett kor helsefanatiske vi elles skulle vere. Potet er ein viktig og god vekst for norsk jord og folk, og potetchips er god bruk av norske poteter. At nokon, som Sørlandschips, finn seg tente med å produsere dei her i landet, skal vi altså vere glade for.

Det tyder likevel ikkje at vi skal finne oss i kva som helst. Sørlandschips har lenge marknadsført seg med å vere liten, uavhengig og lokal. Men det var då: Fyrst vart dei kjøpte opp av det skandinaviske investeringsfirmaet Scandza, som mellom anna eig Synnøve Finden og Leiv Vidar, og med eitt var dei ikkje så små lenger. Så byrja dei å produsere eksklusivt for Rema 1000 – og der gjekk sjølvstendet.

Naboproblem

Og kva med det lokale? Når chipsen dei produserer for Rema, rett og slett heiter Bondens, og slagordet er «Friske og gode råvarer rett fra bondens egen gård», skulle ein tru det var godt ivaretatt. Posen slår òg fast at chipsen er produsert i Noreg. Men potetene, dei kjem frå Danmark.

Kva tyder det eigentleg at potetene kjem rett frå «bondens egen gård»? Er det noko å skryte av? Kan dei eigentleg kome frå noko anna? Vel, poteter veks i jorda, og jorda vert stort sett driven av ein bonde – om han no er dansk eller norsk.

Danmark er ein monaleg potetprodusent i europeisk målestokk. Ein gjennomsnittleg dansk potetprodusent driv 20,6 hektar. Kring 1700 bønder står for produksjonen av over 250.000 tonn poteter. For å kome inn må ein vere stor – og det kostar: Òg Danmark slit med høge lønnskostnader, og mekaniseringa er dyr. Ikkje alle klarer seg: Danske bankar og kredittselskap har tent tre gonger så mykje på dansk matproduksjonen dei siste ti åra som bøndene sjølve, skreiv Nationen i januar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement