JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

Posten kjem ikkje lenger

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Olaf Barda var ein sterk postsjakkspelar, noregsmeister i 1946 og 1949/50, og nummer 4 i første VM i postsjakk 1950–1953.

Ukjend fotograf / Nasjonalbiblioteket

2386
20221111
2386
20221111

Postsjakk gav ein gong i tida meining, som Jon Fosse skildrar i romanen Eg er ein annan frå 2020:

«Sidan han [Sigve] ikkje hadde nokon å spela sjakk med byrja han å spela noko som heiter postsjakk, det vil seia at han kvar fredag postlegg eit brev med eit sjakktrekk og kvar onsdag får han eit brev frå den han spelar imot.»

Eit postsjakkparti tek sjølvsagt tid. Som ein spelar sa ein gong: «Min fyrste bart grodde fram mellom trekk 15 og 16.»

Postsjakken trivst dårleg i vår tid. Den jamne postsjakkspelaren kallar seg no «fjernsjakkspelar» og sender trekka via internett, men det finst nokre entusiastar som framleis nyttar brev og porto. Ein av dei, med 50 års røynsle som postsjakkdomar, fortalde meg i ei gravferd i haust at Posten ikkje lenger er til å lita på. Dei klassiske postsjakkspelarane taper partia på tid!

Problema står i kø for postsjakken. Som lesaren skjønar, er det umogleg å hindra «juks» i postsjakk og fjernsjakk. Det finst berre éin utveg: Alt er lov! Alle på høgt nivå nyttar difor utan blygsle datamaskinar som analyserer døgeret rundt. Problemet er at nesten alle partia endar remis, då ingen av spelarane gjer feil. Den norske verdsmeisteren frå 2006, bergensaren Ivar Bern, har difor slutta med hobbyen og lagt konvoluttane i eska.

Den islandske forfattarkollegaen til Fosse Jón Kalman Stefánsson er òg innom postsjakk i romanen Sommerlys. Og så kommer natten (norsk omsetjing frå 2018): Mellom dei 20–30 figurane i boka står Brandur på utsida av det sosiale spelet. Han kan trøysta seg med at han er nær å vinna islandsmeisterskapen i postsjakk.

Fosse er vel ikkje framand for det islandske tunglyndet, der postsjakk vert eit symbol på total einsemd. Sjølv eit «tosamt» spel som sjakk vert einsamt.

Eg sjølv likar tanken på postsjakk: å sitja kveld etter kveld åleine ved sjakkbrettet og gå djupt inn i stillinga. Men å gjera dette i praksis krev tolmod. Eg trur ikkje eg fullførte den turneringa eg tok del i på midten av 1980-talet.

Kva skal Fosse og Stefánsson skriva om no? Dei kan gå til komponistane, dei som sit åleine og skipar kunstverk (problemoppgåver) på brettet. Vi har i dag éin norsk komponist i verdsklasse, Geir Sune Tallaksen Østmoe (37). Den mest produktive nordmannen i sjangeren var lektor David Hjelle frå Volda, sjakkspaltist i Dag og Tid i det førre hundreåret.

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis