Frå sjakkverda
Polgar og Fischer
Eldstesyster Susan Polgar i eit tidleg fischerparti mot Bobby Fischer.
Foto: Susan Polgar (privat)
Den nye Netflix-dokumentaren Queen of Chess har fått god mottaking, jamvel av filmmeldaren her i avisa. Historia om Judit Polgar, den yngste av dei tre systrene frå Budapest, er eit eventyr. Filmen krinsar rundt duellane mellom ungjenta frå Budapest og monsteret frå Baku, verdsmeister Garri Kasparov. Det som vantar i filmen, er den utrulege venskapen mellom Polgar-systrene og den mytiske verdsmeisteren Bobby Fischer.
Fischer vann verdsmeistertittelen i Reykjavík i 1972, forsvann frå ålmenta i 20 år og viste seg ikkje ved sjakkbrettet før returoppgjeret i 1992 mot Boris Spasskij i Rest-Jugoslavia (Montenegro og Serbia). Premiefondet var rekordstort, 5 millionar dollar. Fischer vann skandalematchen, men risikerte fengsel i heimlandet USA for brot på sanksjonane mot regimet i Beograd.
No byrja eit nytt kapittel der Fischer gjekk i skjul i Europa og Asia. Han var tre månader, hausten 1993, i Nord-Serbia, heilt på grensa mot Ungarn. Susan Polgar, den eldste av systrene og seinare verdsmeister for kvinner i 1996, vitja Fischer og spela ei primitiv utgåve av fischersjakk. Det var det fyrste partiet til Susan med dei nye reglane til Fischer – og partiet enda remis. Susan siterte noko Fischer sjølv hadde sagt på 1960-talet: «Bobby, trur du framleis at du kan slå dei beste kvinnene med ein springar mindre i startstillinga?» «Nei, ikkje no lenger», svarte Fischer.
Susan hadde lukkast med å få ein sjukeleg sta mann til å endra syn på kvinnesjakk! Nokre månader seinare hjelpte ho Fischer til å flytta til Budapest. Her var han i heile åtte år. Det gjekk rykte om at han budde hos Polgar-familien, men eg trudde ikkje noko på det den gongen. Sidan er historia stadfesta, og eg har sjølv hatt bilete på prent her i avisa av vesle Judit og den store Fischer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.