Sjakk
Polgár mot verdsmeistrane
Verdsmeister Garri Kasparov juksar i møte med 17 år gamle Judit Polgár i Linares i 1994.
Foto: Stillbilete frå arrangørvideo.
Judit Polgár var den høgst rangerte kvinna i sjakken gjennom 26 år, frå ho var tolv år gamal, til ho la opp i 2014.
16 år gamal, vinteren 1993, spela jenta frå Budapest ein match mot verdsmeister Boris Spasskij (55). Russaren hadde året før tapt revansjeoppgjeret mot Bobby Fischer. Han tapte òg mot Polgár med siffera 4,5–5,5.
Planen var å arrangera ein stor lynsjakkduell mot Bobby Fischer sumaren 1993. Den forskrudde amerikanaren budde hos Polgár-familien ein periode, på flukt frå amerikanske styresmakter etter at han hadde brote Nato-boikotten og spela mot Spasskij i Jugoslavia. Fischer analyserte og spela private parti med Polgár-systrene, men trekte seg etter kvart unna av di Polgár var jødiske. Bestemora til Judit overlevde Auschwitz. Fischer var sjølv jøde, men det er ei anna historie.
I 1994, i den spanske Linares-turneringa, møtte Polgár for fyrste gong verdsmeister Garri Kasparov, som var så nervøs i partiet mot den 17-årige jenta at han sleppte ei brikke i ein halv sekund for så å flytta henne til eit anna felt. Jukset vart stadfesta på videoen til arrangørane, utan at det fekk konsekvensar. Kasparov gjorde aldri slikt mot mannlege motstandarar. «Kvifor gjorde du dette mot meg», spurde Polgár seinare i hotellbaren. Kasparov nekta å prata med henne dei neste tre åra. Menn kan ikkje noko for framferda si; dei er berre slik.
I 1998 spela Polgár ein snøggsjakkduell mot verdsmeister Anatolij Karpov (47). Ho vann to parti og spela seks remisar utan eit einaste tap. Dette er etter mi meining det mest imponerande resultatet hennar. Karpov var på den tida regjerande Fide-verdsmeister etter at Kasparov braut med verdsjakkforbundet i 1993.
Polgár hadde ein særs aggressiv spelestil. Favorittopninga hennar var siciliansk, kjend for dynamisk spel for både kvit og svart. Denne spelestilen fungerte ikkje alltid mot verdsmeistrane. Ho hadde dårleg score mot til dømes Kasparov og Carlsen, men slo dei båe i eitt offisielt snøggsjakkparti. Det er jo noko, det òg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.