Plukksvin
Trudde du eksosskinka forsvann? Ho har berre vorte riven i fillebitar.
Saktesteikt gris riven i småbitar. Må vi verkeleg reise tur–retur Tyskland for å få det til?
Foto: Michael J. Bennett / Wikimedia Commons
«Norsk kjøtt» står det på pulled pork-pakningen. Med store bokstavar og kring eit norsk flagg ser det nesten ut som eit merke: Her kan vi vere trygge på at det er norsk svinekjøt som er vorte steikt skikkeleg lenge på skikkeleg låg temperatur for at vi skal få skikkeleg mør og saftig pulled pork, eller dradd gris, som altså er nett svinekjøt steikt så lenge og sakte at det vert så mørt at ein kan dra det frå kvarandre og deretter nytte det til om lag alt ein elles ville nytta svinekjøt til.
Eg vert straks positivt overraska. For produsenten av produktet er Tulip – og Tulip er ikkje norsk.
Tulip Food Company er Danmarks eldste merkevare, etablert i 1909, men står ikkje lenger på eigne bein: Alt i 1990 fusjonerte dei med tre andre slakteri og vart ein del av Danish Crown. Danish Crown er i dag størst i Europa og nest størst i verda på svinekjøt, har 29.000 tilsette og tilnærma monopol på griseslakt i Danmark. Det er ikkje så lukrativt som ein skulle tru: Tidlegare i år varsla Danish Crown at dei ville seie opp over 300 danske tilsette. Eller danske? Dei fleste tilsette ved slakteria kjem frå Aust-Europa, men på det seinaste har sjølv dei vorte for dyre: Danish Crown flyttar slakteriverksemda frå Danmark til Tyskland. Ved fabrikken deira der er tre av fire arbeidarar tilsette i vikarbyrå. I stor grad kjem dei frå Polen, Bulgaria og Romania. Månadsløna er kring 12.000 kroner, men når på langt nær alle arbeidarane. Historia vi alt kjenner godt frå til dømes byggebransjen, spreier seg.
Stempelet avslører
Men no var det altså gris vi skulle ta for oss, og sidan denne grisen var norsk, er vel ikkje dette noko vi treng å ta større omsyn til? Diverre er ikkje verda så enkel. Grisen er norsk, men det ovale godkjenningsstempelet som syner kor grisen har vorte til plukksvin, byrjar ikkje med NO slik norske stempel gjer. Det byrjar med DE og held fram med NI 10845 EG.
DE NI 10845 EG tek oss til Dinklage, ein liten forstad litt sør for Oldenburg i Tyskland, der Tulip Food Company GmbH har fabrikken sin. Der vert plukksvinekjøtet deira produsert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.