Ord om språk
Plageånd med ryggplager
Teikning: May Linn Clement
Er det noko som plagar deg? Det skal godt gjerast å ikkje vera plaga av noko som helst. Sæle er dei som ikkje har helseplager, men dei veit aldri når dei råkar på plagsame insekt, møteplagarar og songar som vert reine landeplaga.
Ein skal alltid noko plagast med, sa mannen; han gjekk på ski på tåmarka (berrmarka). Dette gamle hermestevet får fint fram at plaging ikkje treng å koma utanfrå. Sjølvplaging er vanleg, men folk er usamde om kva som høyrer innunder den paraplyen. Éin tykkjer at maratonlauparar er sjølvplagarar, ein annan tykkjer at det å sitja still og lesa lange bøker er verre. Nokre går og plagar seg med leie tankar.
Me kan seia at nokon er «ei plaga sjel», men plaging var opphavleg noko heilt handfast. Plaga kjem av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘slå’. Av den same rota kjem lånorda plankton (av eit verb med tydingane ‘slå attende; slå ut av kurs; driva ikring’) og plekter (til å slå strengene på strengeinstrument). Dei to kjem frå gresk, medan plaga og plage er komne til oss frå latin gjennom lågtysk.
Me møter dei alt i norrønt: plága (‘pina, refsa’) og plága (‘pinsle; refsing, straff’). Dei kjem av latin plagare (‘slå, såra; pina’) og plaga (‘slag, hogg; sår; tap; straff’). Det latinske verbet plangere må òg nemnast. Det tyder ‘slå; slå seg på brystet o.l. av sorg; jamra, klaga’. Andre ord i denne ætta er fransk plaie (‘sår; pine’) og engelsk plague (‘pest’) og complain (‘klage’).
Det finst folk som ikkje er plaga av arbeidslyst, men Ivar Aasen var eit arbeidsjarn og truleg òg ei pest og ei plage for meiningsmotstandarane sine. Han høyrde at nokre folk sa plåga og andre plaga. Han gjekk for forma med å i landsmål, men ho vart plaga i hel i 1938-reforma.
Ei plageånd var fyrst ei vond ånd som plaga folk, men no er det helst folk som er plageånder. Støv og støy er både ei sann plage (jf. støvplage, støyplage) og helsefarlege i lengda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.