Ord om språk
Peiskos med kosebukse
Teikning: May Linn Clement
Ein kan kosa seg heime jamvel om ein ikkje har det heimekoseleg, men ein koseleg heim aukar som regel kosefaktoren. Når gryta kosar seg på varmen, og angen breier seg i stova der ein sit og slappar av i kosedressen med ei kosesjuk katte på fanget – då har ein det kos!
Me får stundom høyra at det ikkje er tid og høve til å koseprata: «Dropp kosepraten!» «Eg kom ikkje hit for å koseprata!» Å prata om kosa er greiare, berre me ikkje legg om til klissete kosestemme. Slikt vil ikkje lesarane ha oppi helgekosen sin.
Folk har støtt kosa med kvarandre, kosa seg i godvêret og sett pris på kosemat, men sjølve ordet kosa er nok ikkje innmari gamalt. Ein teori er at det heng i hop med verbet kosa (gjerne uttala kåsa), som tyder ‘smørja, stryka; sladra’ og truleg er i ætt med kost (som i feiekost) og kvast. Koselege kosa (‘hyggja seg; gjera til lags; kjærteikna’) har mange ulike former i målføra. Norsk Ordbok nemner kåsa, køsa, kåssa, kåsså, kosja og kosk(a).
Det er òg vanleg å gå ut frå at kosa er påverka av tysk (lieb)kosen: ‘tala kjælande; kjærteikna’. Det kan sporast attende til latin causa (‘årsak; sak; rettssak’), som òg har gjeve fransk causer (‘snakka; skravla’, jf. lånordet kåsera). Norsk kausa (‘stryka; godna seg’) er truleg noko anna: Det vert kopla til kjosa (‘velja ut; kåra’). Som ordtaket seier: «Di meir ein kausar katten, di høgre set han rumpa.»
Engelsk cozy (‘koseleg’, òg skrive cosy) kjem frå skotsk, som kan ha lånt det frå skandinavisk. Vårt kosete vert nytta om folk som likar kjærteikn og kroppskontakt. Mange koseungar har senga full av kosedyr og insisterer på at alle skal få nattakos.
Vaksne som ikkje er utprega kosete elles, kan storkosa seg med sengekos. Sidan me no hamna i det sporet: Klitoris har mange folkelege namn, og eit av namna som har funne vegen inn i Det Norske Akademis ordbok, er koseknapp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.