Pasta

MÅ vi ete grov pasta?

Foto: NTB scanpix
Foto: NTB scanpix
Publisert

Det er litt rart. At kokt mjøl skal vere så godt, meiner eg. Dei fleste av oss som har vore i Praha og prøvd oss på austeuropeiske dumplings, veit at det på ingen måte treng å vere slik. Det er òg litt rart at vi, i eit land som insisterer på å ete brødskiver tre gonger om dagen, like fullt insisterer på å ete endå meir smaklaust mjøl til dagens fjerde måltid.

Det gjer vi like fullt, og eg skal ikkje prøve å gjere meg noko betre enn andre. Av og til er det ingenting som gjer meg lukkelegare enn makaroni med smør og riven ost. Eller fløyte, parmesan og eggeplomme. Eller rømme og tunfisk. Eller...

Næringsinnhaldet

Det er vel noko med konsistensen, noko med storleiken og det at pastaen i seg sjølv mest er eit blankt lerret ein kan fylle med alt godt i livet, alt ein ikkje ville våga å ete i slike mengder om ein ikkje hadde lerretet å spreie det utover.

Konseptet er jo mykje det same som brød. Skiva fyller magen, pålegget held smakssensorane på alerten. Brødet bør helst vere grovt, for då får vi mest fiber. At fiber er godt for fordøyinga og helsa både på kort og lang sikt, er eit av få faktum så godt som alle ernæringsforståsegpåarar er samde om. Ein vaksen bør få i seg mellom 25 og 35 gram fiber kvar dag, og snittet i Noreg ligg på 24. Berre å gafle innpå, altså. Men grovt brød er jo godt. Grov pasta er det ikkje. Har eg ikkje rett? Skal vi likevel ta kampen med å venne oss til det – for magevelferda si skuld?

Om du googlar fullkornspasta, får du beskjed om at du må sjekke kor mykje fullkorn det er i han. Det er nemleg lov å selje pasta som fullkorn om det er minst 51 prosent sammalt mjøl i han. Men om vi no er samde om at vi et fullkornspasta fyrst og fremst for å få i oss meir fiber, kan det vere lurare å sjekke næringsinnhaldet enn innhaldslista. Barilla Integrale har nemleg 100 prosent fullkorn og 6 gram fiber per hundre gram, medan Sopps Lev godt! fullkornspasta berre inneheld 55 prosent fullkornsmjøl,men likevel 7 gram fiber per 100 gram. Hadde eg hatt eit laboratorium, hadde eg sjølvsagt testa fiberinnhaldet i dei to pakningane, men det har eg ikkje. Derimot har eg internett, som syner oss at skilnaden til sjuande og sist spelar mindre rolle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement