Ord om språk
Parkvesen i skateparken
Teikning: May Linn Clement
Når såg du sist nokon som sat på ein parkbenk og las i ei papiravis? Papiravisa er slett ikkje parkert for godt, men mindre merksemd får ho visseleg. Parkane, derimot! Folk grillar, solar seg og går tur i parken som berre det. Nokre tek med ungane til klatreparken, legg ut på langtur i ein nasjonalpark eller fornyar bilparken.
Det er på høg tid å kasta ljos over park, og då meiner eg ikkje parkljos. Vårt park kjem av fransk parc, som kjem av mellomalderlatin parricus (‘inngjerding, hamnehage’). Kvar røtene går derfrå, er uklårt. Men parkera (fr. parquer) høyrer til her. Det har grunntydinga ‘samla, setja (dyr) i innhegning’.
Parkdress heng i hop med park (jf. barnepark), men parkas må me halda utanfor: Det er eit langfarande ord som kan vera lånt frå det samojediske språket nenetsisk. Ein kan elles driva med aktiviteten parkour i parkar, utan at det er noko samband mellom dei to orda (parkour kjem av fransk parcours (par-cours), som tyder ‘bane, rute, løype’). Men sjå kven som svingar seg over parketten!
Parkett (fr. parquet) er diminutiv («vesleform») til park og tydde opphavleg ‘liten park, lite avgrensa rom’ (jf. sigarett ‘liten sigar’ mfl.). Det finst norske døme på parkett i dei tydingane, men då må me langt attende. I Det Norske Akademis ordbok ser me at Henrik Wergeland nytta orda buskparkett («lite, parklignende anlegg med busker») og blomsterparkett («avgrenset, avlukket rom med dyrkede blomster»).
I teater og operahus er parkett tilskodarplassane bak orkesterplass («sitja i parkett»). So har me hankjønnsordet parkett, som vert nytta om eit særskilt golvbelegg («leggja parkett») og om golv med slikt belegg («dansa på parketten»). Kva er samanhengen?
Mange ordbøker er knappe her, men Svenska Akademiens ordbok opplyser at plassane i parkett opphavleg var avgrensa («avskrankade») frå resten. Når det gjeld parkettgolv, står det at parkett ei tid vart nytta om «avskrankat lösgolv eller avgränsad del av ett golv». Avgrensing er nykelordet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.