Kunnskap

Parasittar i eit varmare nord

Det er kalvane som blir mest plaga av bukholemark.
Publisert Sist oppdatert

I 2025 fann Mattilsynet i Finnmark ein frykta reinsdyrparasitt som dei siste åra har vorte eit stadig større problem for dyrehelsa i Sverige, Finland og Russland. Under slaktinga i fjor haust blei det oppdaga at mange dyr hadde synlege leverskadar.

Leverhinna, som normalt er glatt og blank, var dekt av eit tynt og klumpete arrvev, nesten som eit tynt lag med strøsukker. Nokre av dyra hadde også betennelse i heile bukhola. Etter litt leiting fann dei syndaren, rundormen Setaria tundra, også kalla bukholemark.

Snyltarane kan drepast med vanlege parasittmiddel, men smitten er umogleg å bli kvitt fordi sjukdomen blir spreidd med blodsugande mygg. Det er ikkje berre reinsdyr som kan bli sjuke, andre ville hjortedyr som rådyr og elg kan også fungere som vertar.

Mark i magen

Dei første kartleggingane synte at nokre av beiteområda så langt hadde unngått smitten, medan i dei hardast råka flokkane gjekk nesten helvta av dyra rundt med slik mark i «magen». Dei kvite rundormane, tre til sju centimeter lange, lever fritt inne i bukhola, og trivst godt på overflata av levra og vomma. Der er det lett å finne mat og kort veg for å sende nye ormelarvar inn i blodet til reinen, med von om at dei håpefulle raskt skal finne fram til nye vertar.

Ein enkelt orm kan legge frå seg opptil 200.000 larvar. For å spreie seg vidare treng dei likevel hjelp utanfrå. Her kjem myggen inn i biletet ved først å suge infisert blod og deretter ta med seg parasitten vidare til nye dyr. På sommarbeite i Finnmark er mygg sjeldan mangelvare, og inne i myggen treng larvane berre to til tre veker for å bli smitteklare. Når myggen då syg blod frå nye reinsdyr, vil larvane bli sprøyta inn i blodårene, vandre med blodet inn til bukhola og bli kjønnsmogne der.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement