Sjakk
På usbekisk vis
Gullgutane vart hylla av statsministeren og andre frammøtte då dei landa kl. 03.00 lokal tid i hovudstaden Tasjkent på veg heim frå sjakk-OL. Presidenten i Usbekistan gav dei ein halv million kroner kvar pluss ein ny bil. Ei gjennomsnittleg årsløn i landet er 13.000 kroner.
Foto:
Den sovjetiske arkeologen Jurij Burjakov gjorde ei sensasjonell oppdaging i 1977. Han fann sju sjakkliknande brikker i elfenbein utanfor Samarkand, silkevegen gjennom Usbekistan. Brikkene er dei eldste i verda av sitt slag, daterte til år 762 før Kristus.
På denne tida, ikkje før Kristus, men i 1977, dukka det fyrste store usbekiske sjakktalentet opp i ein landsby utanfor Tasjkent. Sjakk på høgt nivå kom til Sentral-Asia med den sovjetiske intelligentsiaen. Georgij Agzamov (1954–1986) voks opp med mor og far som lækjarar, eit vyrdt, men ikkje eit høgt lønt yrke i Sovjetunionen. Guten hadde ikkje tilgang på mykje sjakkteori, men utvikla på eiga hand ei allsidig sjakkforståing. Han var god til å kjempa og slita ut motstandaren, slik Magnus Carlsen er i dag.
Då Agzamov døydde 31 år gamal i 1986, i ei meiningslaus turistulukke etter ei sjakkturnering på Krym-halvøya, var han på topp 20-lista i verda. Så kom oppløysinga av unionen i 1991. Eg var sjølv med på det norske laget i sjakk-OL i Manila i 1992, der «gamle Sovjet» stilte med 15 lag. Nye Russland vann, sjølvsagt, men den store sensasjonen var «ukjende» Usbekistan, som tok sølvet. Vi andre klødde oss i hovudet: «Hadde dei fleire spelarar enn Agzamov?»
Landet med 34 millionar innbyggjarar er unikt i Asia av di det er det einaste landet utan havtilgang og utan naboland med havtilgang. Også politisk er det eit lukka land.
Så kom ein ny sensasjon i 2004: Usbekaren Rustam Kasimdzjanov (f. 1979) vart Fide-verdsmeister. (Kasparov og Kramnik var utanfor Fide på den tida.) Kasimdzjanov, ein av dei fremste teoretikarane i verda, vart etter kvart profilert som trenar for Anand, Karjakin og Caruana.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.