På treningsstudio
Mallou Mampell gjev alt i ein crossfitkonkurranse i Rostock i Tyskland.
Foto: Gero Breloer / AP / NTB scanpix
Det vibrerande slankebeltet var vanleg å sjå på treningsstudio tidleg i 1930-åra. Målet var å trene utan å bli sveitt. Ein trong berre plassere beltet der ein ville forbrenne feittet, skru på vibrasjonen og lene seg tilbake. Det var også mogleg å snu seg rundt slik at det var magen som fekk ristinga. På denne måten skulle feittet røskast laust og forsvinne ut av kroppen. I ein annonse for slankebeltet vart det hevda at straumen av feitt faktisk kunne auke med heile 3200 gonger i minuttet.
Maskina er endå å få tak i, men lovnadene om effekt er førebels ingen stad vitskapleg dokumentert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.