På tøyingsgrensaDen som ikkje tøyer ut, kan lett få strekk – eller korleis var det no att? Kan fortøying hjelpa mot forstrekking? Tvillaust er det i alle fall at dei må kunna tøya tolmodet sitt, dei som bur i lag med folk som støtt skal tøya strikken.

Publisert

Den som ikkje tøyer ut, kan lett få strekk – eller korleis var det no att? Kan fortøying hjelpa mot forstrekking? Tvillaust er det i alle fall at dei må kunna tøya tolmodet sitt, dei som bur i lag med folk som støtt skal tøya strikken.

Sambandet mellom tøying og fortøying er endeframt. Låneordet fortøying – frå lågtysk eller nederlandsk – er i ætt med ord som tau og tog. Det same gjeld verbet tøya (norr. teygja), som me òg finn i islandsk (teygja), færøysk (toyggja) og svensk (töja). Ordet er òg i bruk i nokre danske målføre, men danskar flest nyttar strække i staden. Til grunn for tøya og fortøying ligg ei germansk rot som både tyder ‘trekkja, draga’ og ‘leia, føra’. Den rota har elles gjeve oss hertug (tysk Herzog, eig. ‘hærførar’), tygel og truleg taum, som me kjenner frå ordlag som «køyra nokon med stramme tyglar» og «gjeva nokon frie taumar».

Taumar og tyglar kan vera tenlege reiskapar, men dersom du vil koma til makta – og halda på henne – på fredeleg vis, må du òg læra deg å fira på krava, vera tøyeleg og «gjeva tøyg» (‘lata seg tøya’). Om du tøyer deg langt i nokre saker, kan du kanskje sleppa unna med å vera stiv og strid i andre. For me kan ikkje støtt få det som me vil: «Ein lyt no stundom tøya seg og stundom bøya seg.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement