JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

På tøyingsgrensa

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2356
20170922
2356
20170922

Den som ikkje tøyer ut, kan lett få strekk – eller korleis var det no att? Kan fortøying hjelpa mot forstrekking? Tvillaust er det i alle fall at dei må kunna tøya tolmodet sitt, dei som bur i lag med folk som støtt skal tøya strikken.

Sambandet mellom tøying og fortøying er endeframt. Låneordet fortøying – frå lågtysk eller nederlandsk – er i ætt med ord som tau og tog. Det same gjeld verbet tøya (norr. teygja), som me òg finn i islandsk (teygja), færøysk (toyggja) og svensk (töja). Ordet er òg i bruk i nokre danske målføre, men danskar flest nyttar strække i staden. Til grunn for tøya og fortøying ligg ei germansk rot som både tyder ‘trekkja, draga’ og ‘leia, føra’. Den rota har elles gjeve oss hertug (tysk Herzog, eig. ‘hærførar’), tygel og truleg taum, som me kjenner frå ordlag som «køyra nokon med stramme tyglar» og «gjeva nokon frie taumar».

Taumar og tyglar kan vera tenlege reiskapar, men dersom du vil koma til makta – og halda på henne – på fredeleg vis, må du òg læra deg å fira på krava, vera tøyeleg og «gjeva tøyg» (‘lata seg tøya’). Om du tøyer deg langt i nokre saker, kan du kanskje sleppa unna med å vera stiv og strid i andre. For me kan ikkje støtt få det som me vil: «Ein lyt no stundom tøya seg og stundom bøya seg.»

Men det finst mange måtar å tøya seg på. Me kan tøya armane i vêret og tøya oss etter høge ideal. Jamvel kroppsleg vokster vert kalla tøying: «Dottera hadde tøygt seg mykje sidan sist.» Likevel finst det grenser for kor langt me kan tøya oss, og grensa er ikkje den same hjå alle. «Han er ikkje lang å tøya», kan me seia, om me vil målbera at einkvan toler lite og lett vert sint. Me har soleis ulik tøyingsevne (tøyingsgrense, tøyingsmon, tøyingsstyrke), og slik er det med andre emne òg: Nokre stoff «har god tøyingsevne» og «gjev god tøyg», andre slitnar med ein gong. Ikkje sjeldan høyrer me at noko – reglar, grenser, definisjonar – vert tøygde vel langt eller vert tøygde til brestepunktet. Nokre tøyer praten for å tøya ut tida, dimed får me langtøygde møte og samtalar. Kanskje somlepavane får fart på seg om du slår om til islandsk og finn fram eit teygjulak (‘strekklaken’) og ei teygjubyssu («tøyebørse», dvs. ‘sprettert’) og trugar med at dei har tøygt teygjuna (‘strikken’) for langt?

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis