På same planMange planar vert aldri sette ut i livet, men endå held me fram med å planleggja både det eine og det andre. Me baksar med byggjeplanar, ferieplanar og handlingsplanar, og med jamne mellomrom vert det kamp om læreplanar og reguleringsplanar. Ei

Publisert

Mange planar vert aldri sette ut i livet, men endå held me fram med å planleggja både det eine og det andre. Me baksar med byggjeplanar, ferieplanar og handlingsplanar, og med jamne mellomrom vert det kamp om læreplanar og reguleringsplanar. Ein plan kan få fylgjer for framtida, so det er bryet verdt å granska dei kritisk. Eller kanskje me berre skal stikka av i eit aeroplan?

Familien plan har ein tett timeplan. Frå latin planus (‘flat’) og planum (‘flate, slette’) har ein heil ordflokk vakse fram og breitt seg ut i målterrenget. Me ser skimten av dei alt i mellomalderen: Verbet plána (‘jamna, sletta ut’) var i bruk i norrønt. Ofte finn me mange plan-ord i same språket, til dømes i engelsk, der me skil mellom plan (‘skisse, framlegg’) og plane (‘flat yte’, jf. airplane ‘fly’). I norsk har me adjektivet plan (‘som er vassrett, heilt jamn og flat’, jf. «golvet er plant») og to substantiv: inkjekjønnsordet plan (‘vassrett flate; nivå’, t.d. lasteplan) og hankjønnsordet plan (‘grunnriss; utkast, framlegg; vedteken tidstabell’, t.d. arbeidsplan).

I mange tilfelle – men ikkje alle! – er det rette betre enn det skakke. Å koma på skråplanet er i alle fall ikkje bra, for slik skråplaning inneber ofte at alle framtidsplanane dine går i vasken. Då er det betre å leva som ein kakse i eit hus med mange plan og god planløysing. Dersom du likar bakkekontakt best, kan du til dømes velja mellom gateplan og grasrotplan eller byrja med bakkeplanering. Då bør du helst ikkje arbeida planlaust.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement