JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

På same plan

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2353
20180803
2353
20180803

Mange planar vert aldri sette ut i livet, men endå held me fram med å planleggja både det eine og det andre. Me baksar med byggjeplanar, ferieplanar og handlingsplanar, og med jamne mellomrom vert det kamp om læreplanar og reguleringsplanar. Ein plan kan få fylgjer for framtida, so det er bryet verdt å granska dei kritisk. Eller kanskje me berre skal stikka av i eit aeroplan?

Familien plan har ein tett timeplan. Frå latin planus (‘flat’) og planum (‘flate, slette’) har ein heil ordflokk vakse fram og breitt seg ut i målterrenget. Me ser skimten av dei alt i mellomalderen: Verbet plána (‘jamna, sletta ut’) var i bruk i norrønt. Ofte finn me mange plan-ord i same språket, til dømes i engelsk, der me skil mellom plan (‘skisse, framlegg’) og plane (‘flat yte’, jf. airplane ‘fly’). I norsk har me adjektivet plan (‘som er vassrett, heilt jamn og flat’, jf. «golvet er plant») og to substantiv: inkjekjønnsordet plan (‘vassrett flate; nivå’, t.d. lasteplan) og hankjønnsordet plan (‘grunnriss; utkast, framlegg; vedteken tidstabell’, t.d. arbeidsplan).

I mange tilfelle – men ikkje alle! – er det rette betre enn det skakke. Å koma på skråplanet er i alle fall ikkje bra, for slik skråplaning inneber ofte at alle framtidsplanane dine går i vasken. Då er det betre å leva som ein kakse i eit hus med mange plan og god planløysing. Dersom du likar bakkekontakt best, kan du til dømes velja mellom gateplan og grasrotplan eller byrja med bakkeplanering. Då bør du helst ikkje arbeida planlaust.

Elles veit me at det aular av planar på lokalt, regionalt og internasjonalt plan. Dei har ein stram tidsplan, dei som skal halda styr på kursplanar, finansieringsplanar, kriseplanar og ymse køyreplanar. Nokre av desse planane er berre papirplanar: Dei ser flotte ut, men lèt seg ikkje gjennomføra. Slikt hender stundom når nokon på topplanet, som ikkje veit nok om arbeidet på grunnplanet, legg planar. Det kan vera freistande å hiva heile papirfjellet på eit lasteplan og dumpa det ein stad – berre ikkje på ein planovergang. Du kan òg leggja ein slagplan (eig. ‘strategisk plan for eit slag’) som løyser problemet, dersom alt går etter planen. Me skal likevel akta oss for å planleggja alt ned til minste detalj. Noko lyt få skura som det sjølv vil.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis